Emblingia calceoliflora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emblingia calceoliflora
Emblingia calceoliflora
Emblingia calceoliflora
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Emblingiaceae
Slekt: Emblingia
Art: E. calceoliflora
Vitskapleg namn
Emblingia calceoliflora

Emblingia calceoliflora er den einaste arten i den monotypiske planteslekta Emblingia, som er den einaste slekta i familien Emblingiaceae i krossblomordenen (Brassicales). Planten kjem frå Vest-Australia, der han er endemisk. Planten er ikkje rekna som truga.[1]

Planten er ein fleirårig, krypande halvbusk med grove hår.[2] Enkle blad sit på stilkar. Blomane sit kvar for seg ved bladfeste og kan vera kvite, kremfarga, gule, grøne eller rosa. Planten blomstrar frå august til november.[3][4][5][1] Blomane er zygomorfe (har berre eitt symmetriplan) og heng opp ned. Dei har samanvaksne begerblad og to kronblad. Frøet har ei kjøtfull frøkappe.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Slekta og arten blei først skildra botanisk av Ferdinand von Mueller i 1861 I Fragmenta Phytographiae Australiae. Skildringa bygde på plantar sannka i Murchison i Vest-Australia av Pemberton Walcott og Augustus Frederick Oldfield.[6][7]

Plasseringa av slekta i ein familie har vore rekna som problematisk; ho har til ulike tider vore plassert i Capparaceae, Sapindaceae, Goodeniaceae og, i Cronquist-systemet, i Polygalaceae.[8] I 1965 laga Herbert Kenneth Airy Shaw familien Emblingiaceae for slekta, og denne familien er brukt for slekta i APG II, Dahlgren, Reveal, Stevens, Takhtajan og Thorne-systemet.[9] Molekylær analyse har bekrefta plasseringa av slekta i krossblomordenen (Brassicales).[8][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Emblingia calceoliflora», FloraBase (Western Australian Government Department of Parks and Wildlife.) 
  2. 2,0 2,1 Paul E. Berry (7. mai 2015), «Brassicales», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, inc.), henta 24. januar 2017 
  3. Watson, L.; M. J. Dallwitz (1992 onwards). «Emblingiaceae». The families of flowering plants: descriptions, illustrations, identification, and information retrieval. Western Australian Government Department of Parks and Wildlife. Arkivert frå originalen 2007-03-11. Henta 12. mai 2007. 
  4. «Emblingiaceae», FloraBase (Western Australian Government Department of Parks and Wildlife.) 
  5. «Emblingia», FloraBase  Text "publsher" ignored (hjelp)
  6. «Emblingia», Australian Plant Name Index (APNI), IBIS database (Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government.) 
  7. «Emblingia calceoliflora», Australian Plant Name Index (APNI), IBIS database (Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government.) 
  8. 8,0 8,1 Chandler, Gregory T.; Randall J. Bayer (2000). «Phylogenetic placement of the enigmatic Western Australian genus Emblingia based on rbcL sequences». Plant Species Biology 15: 57–72. doi:10.1046/j.1442-1984.2000.00024.x. 
  9. «USDA - APHIS - Concordance of Family Names: E». Arkivert frå originalen 2007-02-11. Henta 12. mai 2007. 
  10. Hall, Jocelyn C., Hugh H. Iltis and Kenneth J. Sytsma (2004). «Molecular phylogenetics of core Brassicales, placement of orphan genera Emblingia, Forchhammeria, Tirania, and character evolution». Systematic Botany 29 (3): 654–669. doi:10.1600/0363644041744491. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]