Emeline Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°23′29″S 59°47′35″W
Emeline Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Aitcho Islands
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°23′29″S 59°47′35″W
Lengd 550 m
Areal 18 ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Emeline Island is located in Antarktis
Emeline Island (Antarktis)

Emeline Island er ei klipperik øy med ei høgd på kring 100 moh i Aitcho Islands på vestsida av English Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Øya er 550 meter lang og 320 meter brei og dekkjer 18 hektar.[1] Området vart vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar.

Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Øya er kalla opp etter den amerikanske selskuta «Emeline» under kaptein Jeremiah Holmes, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 og opererte frå nærliggande Clothier Harbour.

Emeline Island ligg 650 meter nordvest for Pasarel Island, 1,8 km nordvest for Barrientos Island, 2,63 km nord for Dee Island, 1,7 km nord-nordaust for Sierra Island, 2,45 km nordaust for Stoker Island, 2 km aust-søraust for Holmes Rock, 1,45 km sørvest for Bilyana Island og 650 meter sørvest for Riksa Islands.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
  2. Brisk kart frå 1968, chilensk frå 1971, argentinsk frå 1980 og bulgarsk frå 2005 og 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]