Emerson, Lake & Palmer av Emerson, Lake & Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emerson, Lake & Palmer
Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer
Språk engelsk
Utgjeve 20. november 1970 (Storbritannia)
1. januar 1971 (Nord-Amerika)
Innspelt Juli til september 1970
Studio Advision Studios i London i England
Sjanger
Lengd 41:13
Selskap
Produsent Greg Lake
Emerson, Lake & Palmer-kronologi 
Emerson, Lake & Palmer Tarkus
(1971)


Singlar frå Emerson, Lake & Palmer
  1. «Lucky Man»
    Utgjeve: 1970

Emerson, Lake & Palmer er debutalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, utgjeve i november 1970 i Storbritannia på Island Records. Albumet kom ut i Nord-Amerika fleire veker seinare, i januar 1971 på Atlantic Records-etiketten Cotillion Records. Innspelinga fann stad i Advision Studios i juli 1970 då gruppa enno ikkje hadde halde ein konsert, og varte i tre månader. Gruppa spelte så på Isle of Wight-festivalen 1970.

Emerson, Lake & Palmer nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og 18. plassen på Billboard 200 i USA.[1][2] I Canada nådde albumet 17. plassen på albumlista ved tre forskjellige høve og låg inne på topp 100 i 35 veker.[3] «Lucky Man» nådde 48. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau: «Denne opnar med 'The Barbarian,' eit utstilling på klaverinstrument (for å ikkje gjere piskinga og dundringa under ubetydeleg) stappull med skifte i tempo, toneart, takt og dynamikk. Tyder tittelen at dei ser på seg sjølv som rock and roll hunarar som plyndrar den klassiske tradisjonen frå 1800-talet? Eller trur dei at dei er som Verdi som avbildar etiopiarar i Aida? Frå slike forvirringar strøymer musikk så klossete som desse tunghanda semi-improvisasjonane og liksom-tonedikta. For å ikkje nemne tekstdikta.»[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[5]
Christgau's Record GuideC[4]
Rolling Stone(positiv)[6]
Classic Rock RevisitedA[7]
The Daily VaultA-[8]
Sound & Vision4.5/5 stars[9]

I nyare tid rangerte PopMatters Emerson, Lake & Palmer som det niande beste progressive rockealbumet gjennom tidene og skreiv: «Ideane og stilane som er pressa inn i desse seks songane er både sjanglande og uimotståelege, men dei klarar likevel å dra det i land slik at det aldri verkar overflødig eller overanstrengt».[10] Adam and the Ants-medlemmet Chris Hughes reknar Emerson, Lake & Palmer til å verre eit av dei beste ti progressive rockealbuma gjennom tidene.[11]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er måla av den britiske kunstnaren Nic Dartnell. Sjølv om det er sagt å opphavleg vere meint for den amerikanske gruppa Spirit, og at den skalla mannen til venstre på omslaget er trommeslagaren i Spirit, Ed Cassidy, har kunstnaren nekta for dette i eit intervju med Mike Goldstein i RockPoP.[12]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«The Barbarian»[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om komposisjonen av dette sporet er tilskrive dei tre bandmedlemmane på tidlege trykk av Emerson, Lake & Palmer er «The Barbarian» i røynda eit arrangement for rockeband av Béla Bartók sitt pianostykke Allegro Barbaro frå 1911.[13][14] Musikkforskaren Edward Macan skreiv i boka si om musikken til ELP, Endless Enigma, at enkja til Bartók tok kontakt med bandet kort tid etter albumet kom ut og kravde at krediteringa vart gjort korrekt.[15]

«Take a Pebble»[endre | endre wikiteksten]

«Take a Pebble» av Greg Lake er eit arrangement med fullt band, der dei fremste seksjonane er eit jazzarrangement av Keith Emerson, og den midtre delen er eit visegitarverk av Lake med vassaktige perkusjonseffektar av Carl Palmer, pluss litt klapping og plystring. Mot slutten går ein attende til jazzarrangementet til Emerson som startar med ein modalbasert improvisasjon over ein ostinato.

«Knife-Edge»[endre | endre wikiteksten]

«Knife Edge» er basert på den første satsen av Leoš Janáček sin Sinfonietta (1926)[14] med ein instrumental midtre del som omfattar eit lengre sitat frå Allemanden i Johann Sebastian Bach sin første Fransk Suite i d-moll, BWV 812, men spelt på orgel i staden for klavikord eller piano.

«The Three Fates»[endre | endre wikiteksten]

«The Three Fates» er ein tredelt «pseudo-suite»,[13] skriven og hovudsakleg framført av Emerson. Han består av tre satsar, ein for kvar av dei tre systrene i gresk mytologi kjend som dei tre lagnadane eller Moirai; Klotho, Lakhesis og Atropos. Heile verket er like under åtte minuttar langt. «Clotho»-satsen vart spelt inn i Royal Festival Hall i London, der Emerson spelar på det massive pipeorgelet der. «Lachesis», som følgjer gå attende til pipeorgelet frå den første satsen, men er ein pianosolo som varer oppunder tre minutt. Han syner påverknad av barokk og jazz og endar i ein stor, sveipande arpeggio. I «Atropos», spelar Emerson ein piano i 7/8 med perkusjon av Palmer (Lake spelar ikkje på sporet). Ein improvisasjon er lagt oppå og glir etter kvart over i ein polymetrisk del i 4/4-takt. Resonansen i den siste akkorden druknar i lyden av eksplosjonar.

«Tank»[endre | endre wikiteksten]

Solostykket til Palmer er «Tank» og vart komponert i lag med Emerson. Den første delen er Emerson på clavinet og piano, Lake på bass og Palmer på trommer. Den midtre delen er ein trommesolo. På den siste delen spelar Emerson clavinet og Moog synthesizer.

«Lucky Man»[endre | endre wikiteksten]

«Lucky Man» er ein folkrockballade av Lake med ein markant solo på Moog synthesizer av Emerson på slutten.[16] Lake skreiv songen for akustisk gitar då han var 12.[17][18] Sjølv om det aldri vart gjeve ut ein kvadrofonisk miks av albumet, var «Lucky Man» med på DVD-Audio 5.1-kringlydversjonen av Brain Salad Surgery.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«The Barbarian»InstrumentalBéla Bartók (arr. Keith Emerson, Greg Lake, Carl Palmer)4:27
2.«Take a Pebble»LakeLake12:32
3.«Knife-Edge»Lake, Richard FraserLeoš Janáček, J. S. Bach (arr. Emerson)5:04
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«The Three Fates»
  • a. «Clotho»
  • b. «Lachesis»
  • c. «Atropos»
InstrumentalEmerson7:46
2.«Tank»InstrumentalEmerson, Palmer6:49
3.«Lucky Man»LakeLake4:36

2012-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I mai 2012 miksa Steven Wilson frå Porcupine Tree albumet på nytt for ei trippelutgåve med den originale miksen, Wilson-miksen og ein DVD-Audio med Wilson sin 5.1 kringlydversjon og ein høgare bitrate-versjon av stereomiksen hans.

CD 2 – The Alternate ELP New 2012 Stereo Mixes
Nr.TittelLengd
1.«The Barbarian» (Bartók, arr. Emerson, Lake & Palmer)4:32
2.«Take a Pebble» (Lake; arr. Emerson, Lake & Palmer)12:36
3.«Knife-Edge (med lengre avslutning]])» (Janáček & Bach, arr. Emerson, tekst av Lake and Fraser)5:38
4.«Promenade» (Modest Mussorgsky, arr. Lake og Emerson, tekst av Lake)1:29
5.«The Three Fates: Atropos» (Emerson)3:11
6.«Rave Up» (Emerson, Lake & Palmer)5:02
7.«Drum Solo» (Palmer)3:02
8.«Lucky Man» (Lake)4:39
Bonusspor
Nr.TittelLengd
9.«Take a Pebble» (Lake, alternativt opptak)3:40
10.«Knife-Edge» (Janáček & Bach, arr. Emerson, tekst av Lake and Fraser, alternativt opptak)4:19
11.«Lucky Man» (Lake, første soloversjonen til Lake)3:02
12.«Lucky Man» (Lake, alternativt opptak)4:41

Den nymiksa versjonen har ei anna sporliste enn originalalbumet og har ikkje med dei to første delane av «The Three Fates» («Clotho» og «Lachesis») og «Tank» fordi det ikkje fanst fleirsporslydband av desse stykka. «Knife Edge» har ein lengre slutt fordi det var vanskeleg å reprodusere nedsakkinga av det originale lydbandet digitalt. Wilson valde i staden å ta med slutten av innspelinga på vanleg fart. 5.1-miksen erstattar «Tank» med ein tidlegare ikkje utgjeven instrumental kalla «Rave Up», som har ein viss likskap til den instrumentale delen «Mass» på Tarkus.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Emerson, Lake & Palmer

Produksjon

  • Greg Lake – produsent
  • Eddy Offord – lydteknikar
  • Emerson, Lake & Palmer – arrangement, rettleiing
  • Nic Dartnell – måleri
  • Barry Diament – mastering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Charts Company Emerson, Lake & Palmer». Official Charts Company. Henta 23. februar 2020. 
  2. «The Billboard 200». allmusic.com. Henta 23. februar 2020. 
  3. «RPM Top 100 Albums - 8. mai 1971» (PDF). Library and Archives Canada. Henta 23. februar 2020. 
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: E». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  5. Eder, Bruce. Emerson, Lake & Palmer av Emerson, Lake & PalmerAllmusic. Henta 23. februar 2020.
  6. Grossmas, Loyd (15. april 1971). «Emerson, Lake & Palmer: Emerson, Lake & Palmer : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11 Desember 2007. Henta 3. september 2012. 
  7. https://www.classicrockrevisited.com/show_review.php?id=905
  8. Ray, Benjamin (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Emerson, Lake & Palmer». dailyvault.com. Henta 23. februar 2020. 
  9. Mettler, Mike. «ELP Reissue Series: Emerson, Lake & Palmer; Tarkus; Pictures at an Exhibition». soundandvision.com. Henta 23. februar 2020. 
  10. https://www.popmatters.com/25-best-progressive-rock-albums-2495470374.html
  11. https://www.loudersound.com/features/the-10-best-prog-albums-as-chosen-by-chris-merrick-hughes
  12. «UnCovered Interview – artist Nic Dartnell på albumet sitt cover for ELP's debut LP». Henta 23. februar 2020. 
  13. 13,0 13,1 Millward, Steve (2014). Different Tracks: Music and Politics in 1970. Troubador. s. 166. ISBN 978-1-78306-476-2. 
  14. 14,0 14,1 Macan, Edward (1996). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture: English Progressive Rock and the Counterculture. Oxford UP. s. 253 n.35. ISBN 978-0-19-535681-6. 
  15. Macan, Edward (2006). Endless Enigma. Open Court. ISBN 9780812695960.
  16. Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: The Illustrated History of Prog Rock. Backbeat Books. s. 97–98. ISBN 978-1-61713-375-6. 
  17. Couture, François. «'Lucky Man' - Song Review». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 23. februar 2020. 
  18. «Ultra-Mega-Exclusive Interview With Greg Lake». Horizon Press Company. Arkivert frå originalen 15. november 2012. Henta 29. juni 2019.