Emese Hunyady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emese Hunyady

Emese Hunyady.JPG

Statsborgarskap Austerrike, Ungarn
Fødd 4. mars 1966
Budapest
Idrett lengdeløp på skeiser
Yrke skøyteløpar

Emese Hunyady (fødd 4. mars 1966) er ein ungarsk-austerriksk skeiseløpar frå Budapest som representerte Austerrike frå 1985. Ho vart europameister 1993, verdsmeister i firkamp 1994 og olympisk meister på 1500 meter i Lillehammer-OL 1994.

Hunyady slo seg opp i verdseliten på skeiser i OL-sesongen 1992. Ho kom då på andreplassen både i EM og i firkamp-VM, begge meisterskapane avvikla i Heerenveen. Ved Vinter-OL 1992 i Albertville sikra ho seg bronsemedaljen på 3 000 meter. I 1993 vann Hunyady i Heerenveen europmeisterskapen, medan ho vart nummer to i firkamp-VM i Berlin. Vinteren 1994 enda ho på tredjeplass under EM på Hamar, før ho ein månad seinare steig heilt til topps på sigerspallen etter firkamp-VM i Butte i USA. Eit par veker etter verdsmeisterskapen var ho tilbake på OL-isen i Hamar, der ho fyrst tok sølvmedaljen på 3 000 meter for så å vinne OL-gullet på 1500-meteren. I 1999 kneip ho gullmedaljen på 1500 meter under VM i enkeltdistansar.

Hunyady la opp etter 2003-sesongen. Saman med sin andre ektemann, den finske skeiseløparen Timo Järvinen, busette ho seg i Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]