Emil Cohen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil Cohen

Fødd12. oktober 1842
Horsens
Død13. april 1905
Greifswald
NasjonalitetTyskland
Områdemineralogi
Yrkemineralog, universitetslærar
InstitusjonarErnst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald
Alma materUniversitetet i Heidelberg
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund

Emil Wilhelm Cohen (12. oktober 184213. april 1905) var ein tysk mineralog fødd på Jylland.

Han studerte ved universiteta Berlin og Heidelberg og frå 1867 til 1872 var han assistent i mineralogi ved det sistenemnte universitetet. Han var nesten eitt og eit halvt år i Sør-Amerika, der han studerte diamant- og gullførekomstar. Dei neste åra studerte han mineralogi og førebudde avhandlingar som skildra oppdagingane hans i Afrika. Med verket Collection of Microphotographs of Minerals and Rocks vart han grunnleggjaren av den moderne petrografien. I 1878 vart han professor i petrografi i Strasbourg og Direktør for dei geologiske undersøkingane i Alsace og Lorraine. I 1885 vart han professor i mineralogi ved Universitetet i Greifswald. Her starta han å studere meteorittar og var ein av dei første mineralogane som skildra petrigrafien til jernmeteorittar og dei tilhøyrande minerala. Han fann diamantar der og isolerte og analyserte eit jernkarbid-mineral. Mineralet vart seinare kalla cohenitt etter han.

Han studerte òg utbreiinga og fordelinga av dei skandinaviske flyttblokkene i det nordlege Tyskland.

Han publiserte mellom anna verka:

  • Geognostisch-petrographische Skizzen aus Südafrika (1874)
  • Erläuternde Bemerkungen zu der Routenkarte einer Reise Lydenburg• nach den Goldfeldern und von Lydenburg nach der Delagoabai im östlichen Südafrika ( 1875)
  • Sammlung von Mikrophotographien zur Veranschaulichung der mikroskopischen Struktur von Mineralien und Gesteinen (1881-83; tredje utgåve 1899)
  • Meteoritenkunde (andre utgåve, 1903)
  • Meteoreisenstudien (1891-1900, elleve nummer)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]