Emil Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil Kárlsen

Instrumentvokal, gitar
Verka sommusikar, songar, gitarist
PrisarÅrets unge kunstner
Karlsen under Riddu Riđđu-festivalen 2018
Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Emil Ráste Nikolavu Karlsen (fødd i 1997) er ein norsk samisk kunstnar, artist og skodespelar frå Storfjord i Nord-Troms. Karlsen er vokalist og gitarist i poprock-bandet Resirkulert[1] og har ei solokarriere under kunstnarnamnet Emil Kárlsen. Han vart vald som Riddu Riđđus unge kunstnar i 2019.[2]

Karlsen er sjøsame og oppvaksen i Oteren i Storfjord kommune. I vaksen alder lærte han seg å joike og gav ut ein joik til bestefaren sin i 2018 som han òg framførte på Nordlysfestivalen.[3]

I 2021 gav han ut albumet Nágirvárrái saman med artisten Lávre.[4] Der deltek òg andre samiske musikarar som Katarina Barruk, Ulla Pirttijärvi og Hildá Länsman.

Karlsen debuterte òg som skodespelar i 2021, då han spela Jussi i Beaivváš Sámi Našunálateáhter si oppsetjing av Koke bjørn, basert på boka av Mikael Niemi.[5][6] I 2023 spela han hovudrolla i stykket Bjørnejegeren Ol-Tomså, også dette hjå Beaivváš.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Resirkulert:

Soloalbum:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pulk, Ronald (20. oktober 2018). «– Det er skummelt å joike offentlig» (på norsk bokmål). Henta 13. juli 2019. 
  2. «Samtale med Årets unge kunstner Emil Karlsen» (på norsk bokmål). Henta 13. juli 2019. 
  3. Pulk, Ronald (20. oktober 2018). «– Det er skummelt å joike offentlig» (på norsk bokmål). Henta 13. juli 2019. 
  4. NRK (12. juli 2021), ««Nagirvárrái» skearru almmuhuvvo», NRK, henta 11. februar 2022 
  5. Bjørnback, June Grønnvoll (2. mars 2021), «Emil Karlsen har hovedrollen når Beaivváš setter opp Mikael Niemis «Koke bjørn»», NRK (på norsk bokmål), henta 18. juni 2023 
  6. Beaivváš Sámi Našunálateáhter. «Debuterer sammen med sin helt» (på norsk bokmål). Henta 18. juni 2023. 
  7. Beaivváš Sámi Nášunalateáhter. «Ol-Tomså (2023)» (på norsk bokmål). Henta 18. juni 2023.