Emil Kostadinov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emil Kostadinov
Emil Kostadinov.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Emil Ljubtsjov Kostadinov
Fødd 12. august 1967 (52 år)
Fødestad Sofia i Bulgaria
Høgd 177 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985–1990
1990–1994
1994–1995
1995–1996
1996–1997
1997
1997–1998
1998–1999
CSKA Sofia
Porto
Deportivo
Bayern München
Fenerbahçe
UANL Tigres
CSKA Sofia
Mainz
119 (36)
114 (43)
9 (2)
27 (7)
25 (8)
15 (7)
9 (3)
4 (1)
Landslag
1988–1998 Bulgaria 70 (27)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Emil Ljubtsjov Kostadinov (fødd 12. august 1967) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar frå Sofia. Han spelte som angrepsspelar hos fleire europeiske klubbar og for det bulgarske landslaget. Av klubbene hans kan nemnast FC Porto i Portugal, Deportivo de La Coruña i Spania og FC Bayern München i Tyskland.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kostadinov spelte 70 landskampar for Bulgaria i åra 1988–1998 og han skåra 26 mål. Han deltok mellom anna i VM i 1994, VM i 1998, kor han i fyrstnevnte meisterskap var med om å føre landet heilt til semifinale. Dessutan var han med i troppen i EM i 1996.

Kostadinov verte berømt i fotballverdenen den 17. november 1993, då det bulgarske landslaget i den siste kvalifiseringskampen til VM i 1994 stod overfor ein umogleg oppgåve - då kravet til kvalifikasjon var ein siger på bortebane i Paris over Frankrikes verdensstjerner. Etter at franskmennene hadde kome seg føre, og tinga synest avklara skåra Kostadinov to mål hvorav det avgjerande til 2-1 vart skåra då måltavla i Paris viste 89 minutter og 59 sekunder. Bulgarerne var klare for VM, kor dei vart nummer 4 mens franskmennene var ute.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]