Emil Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil Lie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juli 1897
Berchtesgaden
Død

3. august 1976 (79 år)
Oslo

Yrke bilethoggar
Far Bernt Lie
Emil Lie på Commons

Emil Carl Jonas Lie (29. juli 18973. august 1976) var ein norsk skulptør, fødd i Berchtesgaden i Bayern. Forfattaren Bernt Lie var far hans.

Emil Lie utdanna seg ved École des Beaux-Arts i Paris. Han budde mange år i den franske hovudstaden, men flytta til Oslo i 1932. Ei «sers ven kvinneakt» står utstilt i Freiaparken i Oslo, og på Rådhusplassen i same byen er ein stor aktfigur i stein og bronse. Lie, som i den beste perioden var sterkt påverka av fransk kunst, er også representert i Nasjonalgalleriet.

Statue på Rådhusplassen i Oslo.
Foto: Jac Brun, 1956

Av hans best kjende verk er:

Han laga også gallionsfigurar til fleire av Fred. Olsen sin skip.

Tidleg i karrieren var mange av arbeida til Lie abstrakte og kubistiske. Dei fleste av desse øydela han sjølv seinare, og berre få er bevart. Han gjekk så over til meir klassiske former, og mange av dei viktigaste arbeida hans er naturalistiske aktfigurar.

Lie hadde tallike verv i kunstnarorganisasjonane. Han var formann i Norsk Billedhuggerforening 1954–57 og satt i direksjonen for Kunstnernes Hus 1936–41 og 1964–65.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]