Emilie Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emilie Adams
Emilie Adams Piknik i Parken 2018 (144038).jpg
Fødd1997
OpphavNoreg
Sjangerelektropop
Verka sommusikar

Emilie Adams (fødd i 1997Jørpeland)[1] er ein norsk elektropopsongar, låtskrivar og produsent som blei oppdaga på det norske tv-programmet The Stream i 2016.[2]

Etter å ha sunge i dei innleiande rundane i programmet, skreiv Adams kontrakt med Warner Music Norway i 2016.[3] Etter tv-konkurransen har ho sunge på låtar som «The One That Got Away» og «Our City» med den norske musikarduoen TRXD.[4] Den sistnemnde låten hadde per januar 2018 over 17 millionar strømmingarSpotify.[5]

Adams skriv songar og hentar inspirasjon frå artister som Banks, Lorde, Lana Del Rey og Coldplay. Ho har teke del på VG-lista-tilstellingar på Rådhusplassen i Oslo sommaren 2017 og fleire gonger på P3-programmet Christine Live. Ho er ein av låtskrivarane bak «Light Me Up» som er med i Melodi Grand Prix 2018.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Emilie Gaard Adams – 1 roller i norsk næringsliv». www.proff.no (bokmål). Henta 18. januar 2018. 
  2. AS, TV 2. «Emilie Adams (19) ute av The Stream: - Jeg er helt ærlig ikke så lei meg». TV 2 (bokmål). Henta 18. januar 2018. 
  3. «Emilie (19) fikk platekontrakt med Warner» (bokmål). Henta 18. januar 2018. 
  4. «Musikknyheter.no - Hør ny låt fra TRXD og Emilie Adams». www.musikknyheter.no. Henta 18. januar 2018. 
  5. «Our City» (engelsk). 6. januar 2017. Henta 18. januar 2018. 
  6. NRK. «Her er artistene i MGP 2018». NRK (bokmål). Henta 18. januar 2018.