Emilie Hegh Arntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emilie Hegh Arntzen

Emilie Hegh Arntzen 20150319.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1994 (29 år)
Skien
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016

Emilie Hegh Arntzen (fødd 1. januar 1994) er ein norsk handballspelar som sidan 2021 spelar på CSM București. Ho vart europameister med Noreg både i 2014, 2016 og 2022, og vart verdsmeister i 2021. Perioden 2014-22 deltok ho i 148 landskampar og skåra 228 mål. Hanne Hegh er mor hennar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Arntzen var rykkrom-spelar i Gjerpen IF på nivå to og tre i norsk seriehandball i tida frå 2010 til 2014. Frå 2014 til 2017 var ho ein målfarleg skyttar på toppserielaget Byåsen IL. Åra frå 2017 til -21 spelte Arntzen på IK Våg, det suverene topplaget i Noreg. Ho avslutta tida i Våg/Vipers med å vinne IHF-meisterligaen 2021.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Arntzen debuterte på det norske landslaget i 2014. Ho deltok for Noreg då laget vann europameisterskapen 2014, men fekk ikkje plass i VM-troppa 2015. I 2016 vann ho fyrst bronsemedalje under Sommar-OL i Rio de Janeiro, før ho fire månader seinare vart europameister for andre gong då Noreg slo Nederland med eitt mål i EM-finalen i Göteborg.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]