Emilie de Vialar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emilie de Vialar

Fødd12. september 1797
FødestadGaillac
Daud24. august 1856
DødsstadMarseille
Yrkenonne
Helgendag24. august
Relikvianee til Emilie de Vialar i Gaillac.

Anne Marguerite Adelaide Emilie de Vialar (12. september 179724. august 1856) er ein katolsk helgen, kjend som den heilage Emilie de Vialar, med minnedag den 17. juni. Ho grunnla nonneordenen Josefssystrene av apparisjonen (Sœurs de Saint Joseph de l'Apparition).

Emilie de Vialar var frå Gaillac nær Toulouse i Languedoc i Frankrike. Faren var baron Jacob Augustin de Vialar og mora var òg barondotter — baron de Portal hadde fått tittelen sin etter å ha verka som livlege for to franske kongar.

Emilie blei utdanna i Paris, men drog tilbake til Gaillac då ho var femten og mora døydde. Ungjenta kom i konflikt med faren for å motsetja seg eit arrangert ekteskap han hadde i tankane for henne, og for det han meinte var overdriven religiøs grubling og veldedig arbeid.

I 1832, då ho var 35, arva Emilie de Vialer ein formue etter morfaren og brukte han til å kjøpa eit hus i Gaillac der ho saman med tre andre kvinner tok seg av fattige sjuke og barn. Det kom etter kvart til fleire, og 1835 kunne dei starta ordenen Josefssøstrene av apparisjonen — «apparisjonen» viser til korleis erkeengelen Gabriel stod fram for Josef og bad han flykta til Egypt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]