Emily Watson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emily Watson
Emily Watson 2016.jpg
Fødd14. januar 1967 (55 år)
FødestadIslington
FødenamnEmily Margaret Watson
Aktive år1991–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, teaterskodespelar
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, Bodilprisen for beste kvinnelige hovedrolle, British Academy Television Award for Best Actress, European Film Award for Best Actress, Donostia-prisen

Emily Margaret Watson (fødd 14. januar 1967) er ein britisk skodespelar. Ho byrja karrieren på scena og blei med i Royal Shakespeare Company i 1992. I 2002 opptredde ho i Twelfth Night og Onkel Vanja ved Donmar Warehouse, og blei nominert til Olivier Award for Best Actress sistnemnde. Ho blei kjend som filmskodespelar gjennom Lars von Trier sin film Breaking the Waves.

Watson er blitt Oscar-nominert i klassa beste kvinnelege hovudrolle to gonger: I 1996 for rolla som Bess McNeill i Breaking the Waves og i 1998 for rolla som Jacqueline du Pré i filmen Hillary and Jackie. Denne vann ho British Independent Film Award for Best Actress for. For rolla som Margaret Humphreys i Oranges and Sunshine (2010) blei ho nominert til AACTA Award for Best Actress in a Leading Role.

Andre filmar ho har vore med i er mellom anna The Boxer (1997), Angela's Ashes (1999), Gosford Park (2001), Punch-Drunk Love (2002), Red Dragon (2002), The Life and Death of Peter Sellers (2004), Corpse Bride (2005), Miss Potter (2006), Synecdoche, New York (2008), War Horse (2011), The Theory of Everything (2014), Kingsman: The Golden Circle (2017) og The Happy Prince (2018). For rolla si i HBO-serien Chernobyl blei ho nominert til ein Primetime Emmy Award og ein Golden Globe Award. Ho vann British Academy Television Award for Best Actress for rolla som Janet Leach i ITV-filmbiografien Appropriate Adult frå 2011, og blei nominert til International Emmy Award for Best Actress for BBC-miniserien Apple Tree Yard frå 2017.

I nyttårslista for 2015 blei Watson utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. New Year Honours 2015 Arkivert 2. januar 2015 på Wayback Machine., gov.uk, 30. desember 2014. Lest 30. desember 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Emily Watson