Eminence Front

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eminence Front
Singel av The Who
frå albumet It's Hard
B-side

«One at a Time» [1]

Språk engelsk
Utgjeve 25. desember 1982
Innspelt 1982
Sjanger Rock, new wave
Lengd 5:39
Selskap Polydor Records (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Glyn Johns
The Who-kronologi 
«Athena»
(1982)
Eminence Front «It's Hard»
(1983)


«Eminence Front» er ein song av The Who frå albumet It's Hard frå 1982. Han er skriven og sungen av Pete Townshend og er den sjette songen på albumet. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde 68. plass på Billboard Hot 100 i USA.[1] Han er den einaste songen frå albumet som bandet har halde fram med å spele på konsertar etter turneen som følgde albumet. Vokalist Roger Daltrey har vore kritisk til albumet, men har skildra «Eminence Front» som den einaste songen han følte var verdig å gje ut.

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Teksten omhandlar ein fest der folk ignorerer problema sine og prøver å gøyme seg bak ein fasade, «eminence front» («høg fasade»).

Tidleg i songen er det ein forskyving av rytmen, som enkelte meiner er ein feil i vokalen der Daltrey og Townshend syng tittelen med litt forskjellig timing. Feilen vart redigert og retta opp i utgåva som finst på 1997-utgåva av albumet. Det vart laga ein video til songen, spelt inn under ei øving i Landover i Maryland, under den amerikanske delen av turneen i 1982. Videoen vart mykje spelt på MTV då han kom ut.

Den originale miksen av songen plasserte vokalen til Townshend i den høgre lydkanalen, på liknande måte som på «Athena» der vokalen til Daltrey var plassert i den venstre. Begge desse vart miksa på ny for 1997-utgåva av albumet og vokalen vart her sentrert.

Det var meininga å gje «Eminence Front» ut på singel i Storbritannia av Polydor Records i 1982, men dette vart aldri noko av.

Songen er ein del av musikken til videospelet Grand Theft Auto: San Andreas. Det finst òg ei utgåva som kan lastast ned til videospelet Rock Band.

CBS hadde planlagt å nytte songen som kjenningsmelodi til ein London-basert serie av den populære CSI-serien, men fjernsynsserien vart aldri noko av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Discography - thewho.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]