Emlyn Hughes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emlyn Hughes

Emlyn Hughes Barrow.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. august 1947
Barrow-in-Furness
Død

9. november 2004
Sheffield

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, EM i fotball 1980

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen

Emlyn Walter Hughes (28. august 19479. november 2004) var ein engelsk fotballspelar frå Barrow-in-Furness. Han var midtstoppar på Liverpool FC sitt suksessrike lag i ei ti års tid fram til 1979.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hughes spelte frå 1964 på midtbana til Blackpool FC, eit av botnlaga i den engelske toppserien. I februar 1967 vart han mot 65 000 pund overført til Liverpool FC. På 1970-talet var han kaptein for eit mannskap som frå 1973 sanka pokal etter pokal. Hughes lukkast då vinne fire ligameisterskap, to UEFA-cupfinalar, FA-cupen 1974 og europacupen for serievinnarar i såvel 1977 som i 1978. Sommaren 1979 vart han overført til Wolverhampton Wanderers. Den 15. mars 1980 var han kaptein for laget som vann ligacupfinalen 1-0 over Nottingham Forest. Frå 1981 til -84 var Hughes aktiv på lågare nivå med Rotherham, Hull og Swansea.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hughes deltok i 62 landskampar for England i tida frå november 1969 til mai 1980. Han var lagkaptein i 23 kampar, sitt einaste landslagsmål skåra han då England slo Wales 3-0 i den britiske meisterskapen 20. mai 1972. Hughes var med i troppa til Fotball-VM 1970, utan å få speletid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]