Emma Hjorths Hjem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Emma Hjorths Hjem, skipa 12. november 1898 av Emma Hjorth på Sjøvolden i Vollen i Asker kommune, flytta i 1903 til Tokerud i grannekommunen Bærum, var Noregs fyrste heim eller institusjon for psykisk utviklingshemma. Emma Hjorth dreiv heimen fram til 1915, då gav ho heile institusjonen til staten, og då vart institusjonen gjort til sentralinstitusjon for Sør-Noreg.

Frå 1915 til 1946 vart institusjonen drive som statleg institusjon under Kirke- og Undervisningsdepartementet, frå 1946 til 1996 under staten, deretter under Akershus fylkeskommune, og til sist under Bærum kommune, før han i 1996 vart lagd ned som fylgje av at den såkalla HVPU-reforma hadde vorte vedteke i 1991 (stortingsvedtaket om reformeringa av helsevernet for psykisk utviklingshemma). Ansvaret for dei psykisk utviklingshemma vart då ført over frå fylkeskommunane til kommunane, og dei særlege institusjonane eller heimane for psykisk utviklingshemma vart etter kvart lagde ned for at dei som budde der skulle få seg hjelp i vanlege bustader i kvar sine heimkommunar.

Broren til Emma Hjorth, læraren Johan Anton Lippestad, hadde i 1874 etablert den fyrste skulen for utviklingshemma i Noreg, Thorshaug Institut på Thorshaug (Torshov i Oslo), medan Emma Hjorth altså opna den fyrste institusjonen som òg skulle vere ein heim. Namnet på institusjonen hennar var opphavleg Fru Hjorths Pleie- og Arbeidshjem for Dannelsesudygtige Aandssvage. Før ho skipa institusjonen, og etter at ho tok den høgare lærerinneprøva, hadde ho frå 1879 arbeida med psykisk utviklingshemma på Thorshaug Institut. Ideen om ein institusjon, ein heim, hadde hun fått saman med broren etter å ha sett at det ikkje vart gjort noko for dei såkalla dannelsesudygtige. Mange av dei var gøymde vekk, eller dei kunne vere på legd, det vil seie å verte sende på omgang frå gard til gard for å få mat og husly ei viss tid på kvar stad, eller dei budde på fattighus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsider om soga til dei utviklingshemma