Emmaljunga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°23′50″N 13°38′45″E Emmaljunga er ein tettstad i Hässleholms kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 291 innbyggjarar.

Emmaljunga ligg ved länsveg 117, mellom Markaryd i nord og Vittsjö i sør, omtrent 30 kilometer frå tettstaden Hässleholm og knappt 10 kilometer frå Markaryd.

Emmaljunga er òg namnet på den eldste eksisterende produsenten av barnevogner i Europa, både innan Sverige og internasjonalt er namnet Emmaljunga i dag synonymt med barnevogner. Emmaljunga barnevognfabrikk starta i små forhold i 1925 og har vokse til ein stor og moderne produsent av barnevogner i Emmaljunga med eksport til fleire land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]