Emmanuel Le Roy Ladurie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Emmanuel Le Roy Ladurie (fødd 19. juli 1929) er ein fransk historikar som fyrst og fremst har forska på regionen Languedoc og tidsepoken «ancien regime», med særleg fokus på bøndene si historie. Han er ein kjend og omtykt nybrotsmann på felt som historie nedanfrå og på mikrohistorie. Den mest kjende boka hans, Montaillou, kom på norsk i 1980.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ladurie er fødd i Les Mouiers-en-Cinglais i Frankrike. Faren var i si tid landbruksminister i Petain-regjeringa og seinare motstandsmann. Sonen byrja undervise ved Lycèe de Montpellier, seinare hadde han stillingar ved universitetet i same byen, så ved 'Ecole Patrique des Haute Etudes' i Paris, Paris-universitetet og til sist ved 'College de France'. På sistnemnde stad leia han instituttet for moderne sivilisasjonshistorie.

Ladurie var medlem av det franske kommunistpartiet frå 1945 til 1963. Til liks med fleire andre vesteuropearar som var medlem av kommunistparti, kom han i tvil etter den russiske invasjonen i Ungarn 1956.

Historikaren[endre | endre wikiteksten]

Ladurie vart kjend for allmenta gjennom doktorgradsarbeidet «Les paysans de Languedoc», trykt i 1966. I denne studien av bondebefolkninga i Languedoc frå seint 1400-talet til byrjinga av 1700-åra bringa Ladurie fram store mengder kvantitative data vedkomande tiend, løn, skatt, rente og forteneste. Desse data vart haldne saman med teoriar frå tenkarar som Ernest Labrousse, Michel Foucault, David Ricardo, Fernand Braudel, Claude Levi-Strauss, Thomas Malthus, Francois Simiand, Sigmund Freud og Max Weber, og der han hevda at Languedocs historie var ei l'historie immobile. Ladurie framstilte Languedoc si historie som prega av bylgjer med vekst og tilbakegang, og som lite endra samfunnet gjennom tidene.

Ladurie hevda det var trekk ved kulturen til menneska som budde i Languedoc som sette grensene for levemåten og livet til folk. Kulturen hindra folk i å utvikle ein meir progressiv teknologi og jordbruksdrift. Etter Ladurie sitt syn var det strukturar som omfattar langsiktig og langsamt skiftande materielle og mentale mønster, som understreka dei meir dramatiske, og etter hans meining, mindre viktige konjunkturar av trendar og hendingar, som historikarar tradisjonelt har fokusert på. Til liks med Braudel meiner Ladurie at det er historia om dei styrande strukturane historikaren må avdekke. I motsetning til Braudel har Ladurie likevel uttrykt interesse for biografi og 'histoire événementielle' (soge om hendingar), noko Braudel avviste som irrelevant.

Montaillou[endre | endre wikiteksten]

Ladurie mest kjende verk er «Montaillou, village occitan de 1294 à 1324» som kom på fransk i 1975 og på norsk i 1986. Her tek han føre seg landsbyen Montaillou i regionen Languedoc i det sørlege Frankrike på den tid kjettarane var aktive. Gjennom grundige studiar i avhøyrsdokumenta presenterer han eit bilete av den materielle, så vel som mentale verda til innbyggarane i landsbyen. Han undersøkte tilhøva i jordbrukspraksis, hus, mellom landsbybuarane, og andsynes verdslege og geistlege styresmakter deira tru på Gud, lagnad, seksualitet, død, liv, ekteskap, magi, tid og rom og frelse.

Eit anna framståande verk av Ladurie er «Le Carnival der Romans: del la chandleur au mercredi des ecneder». Dette tek føre seg massakreringa i 1580 av om lag 20 handverkarar under det årlege karnevalet i byen Romans i Frankrike.

Ladurie har også forska på fransk politisk historie for tidsrommet 1460-1774. Ei av hans mest kjende bøker om politisk historie er «L'Etat royal: de Louis XI à Henri IV, 1460-1610». I denne boka argumenterte Ladurie med at den franske krona i denne tida var særleg uroa over økonomien, reformasjonen og aristokratiet sin politikk. Viktigaste grunnane til veksten åt den franske staten fann han i militær ekspansjon i Italia, Provence og Burgund, og i rivalisering med Spania.

I ein oppfølgjar, «Ancien Regime: de Louis XIII à Louis XV, 1610-1774», hevda Ladurie at det var ein nær samanheng mellom innanriks- og utanrikspolitikken til den franske krona. Periodar med autoritær innanrikspolitikk fall saman med periodar der det vart ført ein aggressiv utanrikspolitikk. Liberal innanrikspolitikk kom samstundes som landet førte ein fredeleg utanrikspolitikk. Trass i visse avvik på 1750-talet, argumenterte Ladurie for at regjeringstida til Ludvig XV var prega av liberalisme heime og fred utanlands, medan styret til kardinal Richlieu og Ludvig XIV var prega av aggresjon og autoritarianisme. På slutten av tobandsverket hevda Ladurie at popularitetsveksten til opplysningstida sine kjerneidear, antiklerikalisme og liberalisme, allereie i 1774 hadde plassert Frankrike på vegen mot den franske revolusjonen.

Ladurie var særleg inspirert av arbeida til Fernand Braudel, ein av dei leiande i Annales-skulen. I byrjinga av 1970-åra grunnla han rørsla 'Nouvelle histoire'. Han var leiande i mikrohistorie, der historikaren nyttar studiar av ei hending, stad, familie eller liv til å avdekke strukturar som ligg til grunn for livsførsla i den perioden som vert studert.

Kritikarar av Ladurie stiller seg tvilande til termen struktur, både fordi dei finn bruken av omgrepet lite konsistent, og av at han ikkje gjer greie for korleis strukturar endrar seg.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Montaillou, 1986