Emmelie de Forest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emmelie de Forest
Emmelie de Forest, ESC2013 press conference 01.jpg
Verkeleg namn Emmelie Charlotte-Victoria de Forest
Alias Emmelie de Forest
Fødd 28. februar 1993
Randers i Danmark
Instrument

Vokal

Sjanger
Yrke Songar

Emmelie Charlotte-Victoria de Forest (fødd Emmelie Charlotte-Victoria Engstrøm28. februar 1993 i Randers) er ein dansk songar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

De Forest har vore ein aktiv songar sidan ho var ni år og har mellom anna sunge i kyrkjekor og gospelkor. Sidan ho fylte 14 år har ho sunge med den skotske musikaren Fraser Neill, og dei har spelt og sunge i fire år på ulike festivalar, spelestader og kulturhus.[1]

Då de Forest fylte 18 i 2011, flytta ho frå Mariager i Nordjylland til København, der ho vart teken med på Katrine Sadolin sin songarskule Complete Vocal institute.[1]

Dansk Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

Ti bidrag vart valt ut av Danmarks Radio (DR) til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2013 i Herning i Danmark. De Forest deltok med songen «Only Teardrops», framført på engelsk.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter Jack Rowan og Sam Gray med «Invincible» og før Albin med «Beautiful to Me». Bidraget enda mellom dei tre beste og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen fekk songen 26 poeng og vann. De Forest fekk dimed representere Danmark i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Sidan berre dei fem store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Etter ei trekning på hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sang 08: Emmelie de Forest». Danmarks Radio. Henta 20. februar 2013. 
  2. «Running order Malmö 2013 to be determined by producers» (engelsk). Eurovision.tv. 7. november 2012. Henta 20. februar 2013.