Emmy Abel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emmy Abel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1868
Oslo
Død

15. februar 1931 (63 år)

Yrke skribent, journalist, omsetjar, forretningsdrivande
Far Hans Holtermann Abel
Mor Louise Abel
Ektefelle Balthazar Schnitler

Emilie «Emmy» Louise Abel (29. januar 186815. februar 1931) var ein norsk forfattar, journalist, omsetjar og forretningskvinne.

Emmy Abel var dotter av kunstforleggjaren Hans Holtermann Abel (1830-1903) av slekta Abel og fotografen Louise Doris Sophie Pauline Kleffel (1841-1907). Ho vart gift 3. november 1892 med forfattar og journalist Balthazar Schnitler ved notarius publicus i Kristiania. Dei er oldeforeldre til Lars Lillo-Stenberg.

Som forfattar gav Emmy Abel ut bøker under jentenamnet sitt. Jula 1894 kom den første barneboka hennar, Kalle og Ella. Ho var i fleire år medarbeidar i Norske Intelligenz-Seddeler, og omsette dessutan føljetongar.

Saman med Christne Franciska Halvorsen oppretta ho i 1904 Kaffeforretningen Excellent i Valkyriegaten 11 i Kristiania.[1] Forretninga vart nedlagd i 1906.[2] Frå 1909 dreiv ho restauranten ved Tjøme Bad.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1894: Kalle og Ella
  • 1911: Smaa Skøiere (Fortælling for barn)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]