Uttrykksikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Emotikon)

Eit uttrykksikon, også kalla emotikon eller smiley, er ei rekkje med skriftteikn, t.d. :), :-( eller :-P, som, om ein legg hovudet på skrå mot venstre, liknar på lett forståelege ansiktsuttrykk. Emotikon vert brukt for å tydeleggjera korleis skriftleg kommunikasjon skal oppfattast, sidan humor og ironi lett kan feiltolkast og lage mistydingar mellom sendar og mottakar.

:-) viser eit glad ansikt, der kolon er auga, bindestreken er nasa og den avsluttande parentesen er ein smilande munn. Eit slikt emotikon tyder at teksten skal verte forstått som eit uttrykk for glede eller noko morosamt og takast med eit smil.

;-) kan tyde: «Eg blinkjer med auga, sjå det morosame i situasjonen».

:-( tyder, «Eg er lei meg», eller «Eg er vonbroten».

Det finst også andre emotikon.

Venstrehendte skriv nokre gonger emotikonet i omvendt rekkjefølgje, då skal lesaren lene hovudet mot høgre skulder istaden.