Empire State Building

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Empire State Building

Empire State Building er ein 102-etasjars skyskrapar i art deco-stil i New York by i USA, som ligg der Fifth Avenue og West 34th Street møtest. Namnet på bygningen kjem av kallenamnet på delstaten New York, The Empire State. Han var den høgste bygningen i verda i meir enn førti år, frå han var ferdigbygd i 1931 til nordtårnet til World Trade Center stod ferdig i 1972. Etter at World Trade Center vart ramma av terroråtak i 2001, vart Empire State Building igjen den høgste bygningen i New York by og delstaten New York.

American Society of Civil Engineers har gjeve Empire State Building ststus som eitt av dei sju underverka i den moderne verda. Bygningen og interiøret i 1. etasje er gjeve status som landemerke av New York City Landmarks Preservation Commission, og også av New York City Board of Estimate.[1] Han vart gjeven status som National Historic Landmark i 1986.[2][3][4] I 2007 vart han plassert som nummer éin på American Institute of Architects si liste over favorittarkitektur i USA. Bygningen er ått og driven av W&H Properties.[5]

Empire State Building er den tredje høgste skyskraparen i Amerika (etter Willis Tower (tidlegare Sears Tower) og Trump International Hotel and Tower, begge i Chicago), og den 15. høgste i verda. Han er også det fjerde høgste frittståande byggverket i Amerika. Empire State building er i ferd med å verte renovert for 120 millionar dollar i eit forsøk på å gjere bygningen meir energieffektiv og miljøvenleg.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «New York Chapter, American Institute of Architects» i AIA Guide to New York City, 4. utgåve av White, Norval & Willensky og Elliot (Crown Publishers, 2000), s. 226.
  2. «Empire State Building – National Historic Landmark summary listing» hjå National Park Service.
  3. «Empire State Building – National Historic Landmark Nomination» av Carolyn Pitts hjå National Park Service (26.04.1985)
  4. «Empire State Building—Accompanying 7 photos, exterior and interior, from 1978» i National Register of Historic Places Inventory hjå National Park Service
  5. «Empire State Building» hjå W&H Properties.
  6. «Skyscrapers Becoming More Eco-Friendly In Hopes to Lure Tenants» hjå Keen for Green.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Empire State Building