Empires av Alicja Szemplińska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Empires»
Song av Alicja Szemplińska
Land Polen
Språk Engelsk
Utgjeve 23. februar 2020
Sjanger Popballade
Lengd 03:06
Selskap Universal Music Polska
Låtskrivar(ar) Patryk Kumór, Dominic Buczkowski-Wojtaszek, Laurell Barker, Frazer Mac

«Empires» (norsk 'imperium') er ein popballade frå 2020 med den polske artisten Alicja Szemplińska. Songen vann den polske musikktevlinga Szansa na sukces sundag 23. februar 2020 og vart det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Empires» er komponert av Patryk Kumór, Dominic Buczkowski-Wojtaszek, Frazer Mac og Laurell Barker. Han var originalsongen som Szemplińska deltok med under finalen av Szansa na sukces på tv-kanalen TVP2 sundag 23. februar 2020. I avrøystinga var «Empires» favoritten hos juryen og sjåarane, og han vann tevlinga samanlagt.[3][4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Som vinnar av den polske finalen skulle «Empires» ha vore det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020. I januar 2020 vart Polen trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen var planlagd arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai.[5] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ryan, Tom (23. februar 2020). «Alicja Szemplińska will represent Poland in Rotterdam!». Henta 24. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «Eurowizja 2020: Alicja Szemplińska reprezentantką Polski z piosenką "Empires" [WIDEO]». Radio ZET. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  4. «Poland goes with Alicja Szemplińska for Eurovision 2020». eurovision.tv. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  5. «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.