Empty Spaces

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In the Flesh?
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:08
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

Empty Spaces er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er berre litt meir enn 2 minutt lang, men har ein introduksjon som varer om lag halvparten av songen. Han byggjer seg gradvis opp med meir og meir volum, og like før vokalen byrjar kan ein høyre ei gøymd melding, som er spela inn baklengs. Songen endar brått og går direkte inn i neste spor «Young Lust». På grunn av dette vert desse to songane ofte spelt i lag på radio.

Plott[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre songane på The Wall fortel «Empty Spaces» ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink er no vaksen og gift, men han og kona har problem med forholdet sitt, sidan han stort sett er fjern. Dette kjem av at han no har bygd ein god del av muren rundt seg.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Både i filmutgåva og på konsertalbumet Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 vert ein lengre versjon av songen kalla «What Shall We Do Now?» brukt i staden for.

Gøymd melding[endre | endre wikiteksten]

Like før tekstpartiet i songen kan ein høyre ei gøymd melding, og ein kan berre høyre ho i den venstre kanalen av songen. Meldinga er spelt inn baklengs og seier:

Hello, looker... Congratulations. You've just discovered the secret message. Please send your answer to Old Pink, care of the Funny Farm, Chalfont...
Roger! Carolyn's on the phone!
Okay.[1][2]

Ein trur at denne baklengsmeldinga er ein komisk referanse til deira tidlegare frontfigur Syd Barrett. Roger Waters gratulerer deg for å funne meldinga, og spøkar med at du kan sende svaret ditt til «Old Pink» (Barrett), som bur ein stad i Chalfont («the funny farm»). Før han rekk å sei ferdig heile meldinga avbryt nokon han ved å sei at Carolyn (kona til Waters på den tida) er i telefonen.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jeff Milner's Backmasking site». Jeff Milner. Henta 3. februar 2010. 
  2. Nemcoff, Mark Yoshimoto (4. april 2013). «Empty Spaces: Backwards Messages, Stairway to Heaven and a Failure to Communicate». WordSushi. Arkivert frå originalen 7. mars 2017. Henta 11. juni 2017. 
  3. BBC - Culture, The Hidden Messages in Songs
  4. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb - A History of The Wall 1978–1981, 2006, p.82.