Enaresamisk fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Enaresamisk fonologi er framstillinga av lydsystemet i enaresamisk.


Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Enaresamisk har desse vokalane (vokalsymbola er frå skriftspråket): < a, á, ä, â, e, i, o, u, y ö >. I moderne enaresamisk uttrykker ä og á same fonem, skilnaden er at ä blir skrive berre i første stavinga, og berre viss andre staving inneheld i eller e, mens á blir skrive i andre kontekstar. Vokalsymbolet <â> står for schwa, mens dei andre vokalsymbola har omtrent same lydverdi som i finsk, bortset frå <e>, som også representerer æ.

Enaresamisk har 5 diftongar, /iä/, /ie/, /uo/, /uá/, /ye/, dei kan vere korte eller lange.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar
Labial Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar
Nasal m n ŋ
Klusil og
affrikatar
p b t d t͡s d͡z t͡ʃ d͡ʒ k g
Frikativ f v ð s ʃ h
Approksimantar j
Lateral l
Tremulantar r

Stadieveksling[endre | endre wikiteksten]

Som i nesten alle samiske og austersjøfinske språk har også enaresamisk stadieveksling.

Enaresamisk har stadieveksling i tre gradar, på same måten som nordsamisk. Stadievekslinga kan vere kvantitativ (lang konsonant vekslar med kort), kvalitativ (konsonanten endrar seg), eller begge delar. Sjølve stadievekslinga minnar mykje om stadievekslinga i nordsamisk, men ortografisk skil dei seg mykje frå kvarandre. I både nord- og enaresamisk er det slik at ei kvantitativ endring i konsonantane blir kompensert med ei motsett endring av vokalen. Skilnaden er at der dette ikkje er ein del av den nordsamiske ortografien, blir det i enaresamisk markert i skrift (døme frå Morottaja og Olthuis ms.).

  1. káttu : káátu (tt:t) tak Nom : tak Gen
  2. máátu : mááđu (t:đ) makk Nom : makk Gen
  3. ákku : ááhu (kk:h) bestemor Nom : bestemor Gen

I det første og siste dømet har vi kvantitav stadieveksling, der konsonanten i svakt stadium er kortare enn konsonanten i sterkt stadium. Stavinga er likevel like lang i sterkt og svakt stadium, fordi vokalen i svakt stadium blir forlenga for å "kompensere" for forkortinga i konsonanten.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]