Endogen og eksogen i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endogen omhandlar prosessar eller bergartar som har opphavet sitt i det indre av jorda, medan eksogen omhandlar prosessar som frambringer eller endrar relieff og landskapsformer.

Dei viktigaste eksogene prosessane er erosjon, forvitring og sedimentasjon. Desse prosessane er hovudsakleg knytte til temperatur og sirkulasjon i atmosfæren og hydrosfæren.

Endogene prosessar kan til dømes vere vulkanisme, orogenese og jordskjelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«endogen» i Store norske leksikon, snl.no. «eksogen» i Store norske leksikon, snl.no.