Endolysin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av endolysinet CPL-1 i kompleks med ein peptidoglykananalog

Endolysin er enzym som hydrolyserer peptidoglykan i selleveggen til bakteriar og slik kan valda oppløysing av bakteriesella og selledaude. Dei vert koda for av bakteriofagar som nyttar dei til å sleppa ut frå bakteriesella ved lytisk syklus.

Endolysin som har gram-positive og gram-negative bakteriar som mål har generelt ulik oppbygging. Endolysin for gram-positive bakteriar har to ulike domene (eitt for binding av sellevegg og eitt for enzymatisk aktivitet), medan endolysin for gram-negative bakteriar som regel berre har eitt domene.

Endolysin har interessert forskarar som potensielle antimikrobielle middel. Ein føremøn til endolysin over klassiske antibiotikum er at endolysin er relativt spesifikke for visse typar av peptidoglykan og soleis kan lata harmlause eller tenlege bakteriar få vera i fred.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]