Endometrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikroskopfotografi av celler i endometriet.

Endometriet (endometrium, av gresk endon, ‘inne i’, og metra, ‘livmor’)[1] utgjer slimhinna på den indre overflata av livmora. Det blir òg kalla livmorslimhinne. Det er her det befrukta egget normalt festar seg og veks vidare i graviditeten.

I løpet av follikkelfasen av menstruasjonssyklusen stimulerer østrogen til at endometriet veks og blir tjukkare. Etter eggløysinga sørger progesteron for at veksten stoppar opp, samstundes som sekresjonen aukar og endometriet blir meir mottakeleg for eventuell implantasjon av det befrukta egget. Dersom dette uteblir, fell progesteronnivået, og mesteparten av endometriet blir støytt ut gjennom menstruasjon.

Ved endometriose finst det endometrivev utanfor livmora. Kreft i endometriet blir ofte kalla korpuskanser, og er ei relativt vanleg kreftform. Underlivsblødingar etter menopause er eit symptom på endometrikreft, og må alltid greiast ut. Bruk av p-piller i over 10 år har vist seg å redusera førekomsten av endometrikreft med opp mot 50 %.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nesheim, Britt-Ingjerd (12. juli 2019). «endometrium». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål).