Endoplasmatisk retikulum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk teikning av ei typisk dyreselle. Organellane er (1) nukleol (2) sellekjernen (3) ribosom (4) vesikkel (5) ru endoplasmatisk retikulum (ER) (6) golgiapparatet (7) selleskjelettet (8) glatt ER (9) mitokondrium (10) vakuol (11) cytoplasma (12) lysosom (13) centriol

Endoplasmatisk retikulum er ein organell utforma som eit omfattande system av flate blærer og kanalar. Det finst i både dyre- og planteseller.

Det vert skilt mellom ru og glatt endoplasmatisk retikulum. Ru endoplasmatisk retikulum har ribosom bunde til yta, og dei proteina som vert danna på desse ribosoma vert avleverte på innsida av membranen.

Glatt endoplasmatisk retikulum har ingen ribosom på yta. Det inneheld enzym for feittsyre- og steroidsyntese. Glatt endoplasmatisk retikulum både lagrar og gjev fri kalsium som kontrollerer muskelsamantrekningar.

Høvetalet mellom ru og glatt endoplasmatisk retikulum varierer mellom selletypane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«endoplasmatisk retikulum» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. februar 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.