Endre Lekve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Endre Lekve

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1833
Ulvik herad
Død

10. februar 1882 (48 år)
Helsingfors

Yrke ingeniør, universitetslærar

Endre Torkelsson Lekve (10. august 183310. februar 1882) var ein norsk ingeniør frå Ulvik, leiande innanfor ingeniørfaget i Finland i 1860-70-åra. Thorbjørn Lekve var bror hans.

Lekve var son til ein gardbrukar på garden Nedre Lekve i Ulvik. Sjølv gjekk han på underoffisersskulen i Bergen, der han vekte merksemd med sine givnader. Åra 1856–59 studerte han ved den den tekniske høgskulen Polytechnikum i Hannover, der han gjekk ut med ein framifrå eksamen. I 1860 vart han tilsett som professor i bygningsfag på den Tekniska högskolan i Helsingfors. Lekve vann eit stort ry som lærar i ingeniørvitskap og som praktisk ingeniør.

Lekve, som var gift med ei finlandssvensk kvinne, døydde i Helsingfors då han var 49 år gammal, fleire år etter kona var død. Eit stipendfond som ber namnet hans vart oppretta av studentane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957