Hopp til innhald

Ene Ergma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ene Ergma

Statsborgarskap Estland
Fødd 29. februar 1944 (80 år)
Rakvere
Yrke fysikar, politikar, astronom
Språk estisk, tysk, russisk, engelsk
Politisk parti Res Publica, Isamaa, Eesti Reformierakond
Medlem av Det estiske vitenskapsakademiet, Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Far Vambola Ergma
Mor Helmi Ergma
Ene Ergma på Commons

Ene Ergma (fødd 29. februar 1944) er ein estisk politikar og vitskapskvinne. Ho er professor emerita i teoretisk fysikk og astrofysikk ved Universitetet i Tartu.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ergma tok kandidatgraden i fysikk og matematikk ved Statsuniversitetet i Moskva i 1972 og doktorgraden i astronomi ved Insituttet for romforsking i Moskva i 1984. Ho har særleg forska på utviklinga av faste objekt, som kvite dvergar og nøytronstjerner, og på gammaglimt. Ho fekk professorstillinga si ved det dåverande Statsuniversitetet i Tartu i 1988. Ho vart seinare også instituttleiar. Ho emeriterte i 2015.[1][2]

Ene Ergma er medlem av Det estiske vitskapsakademiet og Kungliga Ingenjörsvetenskapsakademien. Ho har teke imot ei lang rekkje med nasjonale og utanlandske ordenar og æresbevisninger.[1][2]

Ergma var medlem av den estiske riksforsamlinga Riigikogu frå 2003 til 2015, som representant for Res Publica og seinare Isamaa. Ho var riksforsamlingspresident frå 2003 til 2006 og frå 2007 til 2014.[1][2] Ergma ivra sterkt for eit estisk EU-medlemskap før folkeavrøystinga i 2003, og «kombinerte ein formidabel intelligens med ein jordnær stil som tiltala mange estlendarar», slik to utanlandske journalistar observerte det.[3]

I 2006 var Ergma nær å samle eit kvalifisert fleirtal i Riigikogu for å bli vald til president i Estland.[4]

Ergma har seinare representert Det estiske reformpartiet i bystyret i Tartu.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ene Ergma» (på engelsk). Det estiske vitenskapsakademiet. Henta 25. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «CV – Ene Ergma» (PDF) (på estisk). Det estiske vitenskapsakademiet. Arkivert frå originalen (PDF) 8. mars 2022. Henta 25. april 2022. 
  3. Peel, Quentin og Wagstyl, Stefan (19. september 2003). «Estonia hopes for a match made in heaven». Financial Times (på engelsk): 5. «She was a leading speaker for the government- backed Yes campaign, combining her formidable intelligence with a down-to-earth style that appealed to many Estonians.» 
  4. Pettai, Vello (2007). «Estonia». European Journal of Political Research Political Data Yearbook (på engelsk) 46 (7–8): 943–948. doi:10.1111/j.1475-6765.2007.00766.x. 
  5. «Estonia: Tartu council elects Aadu Must chairman, Ene Ergma deputy chair» (på engelsk). 7. november 2017. «Ene Ergma of the Reform Party, former longtime speaker of the parliament of Estonia, was elected deputy speaker of the Tartu council […]» 
Commons har multimedium som gjeld: Ene Ergma