Enetsisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Enetsisk språk)
Enetsisk
enets
Klassifisering Uralske språk
 samojediske språk
  nordsamojediske språk
Bruk
Tala i Russland
Område Tajmyr
Enetsisktalande i alt 43 (2010)
Rangering Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka
Skriftsystem Kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-3 ent (skogenetsisk)
enh (tundraenetsisk)
Glottolog enet1250

Enetsisk eller jeniseisamojedisk er eit uralsk språk. Det høyrer til den nordlege delen av den samojediske språkgreina. Andre nordsamojediske språk er nenetsisk, juratisk og nganasansk.

Etter den russiske folketeljinga frå 2010 var det 43 enetsiskspråklege av ei befolkning på 227 enetsar.[1] Etter den sovjetiske statistikken frå 1989 var det 110 enetsiskspråklege, av dei hadde 95 enetsisk som morsmål og 15 enetsisk som andrespråk. Enetsisk blir snakka i Sibir, i den nordlege delen av asiatisk Russland, Tajmyr langs breidda av Jenisej.

Det finst to ulike enetsiske språk, tundraenetisk og skogsenetsisk.

Skogsenetsisk[endre | endre wikiteksten]

Skogsenetsisk er den minste av dei to språka. Det vart vinteren 2006/2007 snakka av ca 35 personar (6 i Dudinka, 20 i Potapova og 10 i Tukhard. Den yngste talaren er fødd i 1962, den eldste i 1945. Mange av talarane er trespråkleg, i skogsenetsisk, tundranenetsisk og russisk, og snakkar helst tundranenetsisk.

Det var tidlegare radioprogram i skogsenetsisk, dei vart lagt ned i 2003, men det var framleis i 2007 ei side publisert i skogsenetsisk, omtrent ein gong i månaden, på avisa taimyr24. Det vart i alle fall fram til 2007 undervist i skogsnenetsisk på det pedagogiske instituttet i Dudinka.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Florian Siegl, feltarbeid blant skogsenetsane (22.11.06 - 19.04.07)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.