Enevold Brandt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enevold Brandt
Enevold Brandt.jpg
Fødd 7. september 1738
København
Død

28. april 1772
København

Yrke dommar
Enevold Brandt på Commons
Enevold Brandt, teikning i Niels Baches Nordens Historie

Enevold Brandt (fødd 1738 i København, død 28. april 1772 i København) var ein dansk greve. Han fekk i 1769 ei stilling som kammerherre ved kong Kristian VII av Danmark-Noreg sitt hoff.

Brandt vart ein samansvoren av Struensee. Struensee skaffa seg sterk innverknad på statsstyringa, i og med at kongen var psykisk sjuk. Dei vart arrestert saman natta til den 17. januar 1772, tiltalt og dømd for majestetsfornærming. Dommen vart sett ut i livet på Øster Fælled den 28. april 1772. Struensee og Brandt fekk begge fyrst hogge av høgre hand, og kort etter heldt bøddelen opp hovuda deira framfor folkemengda. Kroppane vart parterte og lagt på steile og hjul. Hovuda og hendene vart sett på ein stake.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]