Enfeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°21′0″N 35°44′0″E
Enfeh
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Koura distrikt
Koordinatar 34°21′0″N 35°44′0″E
Areal 4,9 km²
Folketal 6 500
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Enfeh

Enfeh (arabisk انفه) eller Enfe, Anfeh, Anfe, er ein antiokisk-ortodoks landsby i Koura distrikt i Nord guvernement i Libanon. Enfeh grensar til landsbyane Chekka, Al-Qalamoun, Barghoun og Zakroun. Han ligg 65 km nord for Beirut og 15 km sør for Tripoli. Han har eit areal på 4,9 kvadratkilometer med eit folketal på 6 500.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn i landsbyen som er minst 3 000 år gamle. Landsbyen ligg på ei 400 meter lang og 120 meter brei halvøy. Ho er delvis fråskild land av to store grøfter som vart grave ut i krossfarartida. Det er berre gjort mindre utgravingar med funn av fønikiske og romerske murar, vinpresser og mosaikkgolv. Enfeh er nemnt i Amarnabreva til Egypt på 1300 fvt. Enfeh vart erobra av Assyria i 600-talet fvt., då han vart kalla «Anpa».

Krossfararherrane frå Nephin i Enfeh fekk rykte på seg som røvarar og terroriserte reisande mellom Jerusalem og Tripoli. Sjølve byen hadde betre rykte for den gode vinen sin, som vart eksportert gjennom heile det latinske riket på 1100- og 1200-talet. På 1200-talet vart Enfe ein liten, festningslandsby med beitemarker kring seg, kjend for vindproduksjonen. Han høyrte til grevskapet Tripoli og vart styrt av den franske adelsfamilien Renoir-familien. I 1289 gjekk sultan Qalawun brått til åtak på Tripoli og øydela byen. Riddarane som flykta frå Tripoli søkte tilflukt i festninga i Enfeh, og kom seg vidare til kongedømet Kypros før dei vart slakta av mamelukkane.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Enfeh har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar og kjølige, regnfulle vintrar.

Klimadata for Enfeh, Libanon
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 16 17 18 21 25 28 30 30 29 26 22 18 23
Normal min. temp. °C 8 7 10 12 16 19 22 22 21 17 12 10 15

Normal mengd nedbørdagar 6 4 4 2 0 0 0 0 0 2 2 4 24
Kjelde: climate-zone.com/[1]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av havsalt har alltid vore ein viktig del av økonomien her. Her finst òg mange som lever av fiske, medan jordbruket hovudsakleg består av olivenproduksjon.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Enfe trekkjer til seg mange turistar, særleg om sommaren, på grunn av det vakre landskapet med sine kvite hus, vindmøller og strender ved Middelhavskysten.

Enfe har mange sjømatrestaurantar i tillegg til kafear og barar. Dei to største strandhotellanlegga er Marina Del Sol og Las Salinas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Enfeh’s climate equated with Tripoli’s climate due to close proximity». climate-zone.com/. 2006. Henta 21. september 2014.