Engbrudespore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Engbrudespore

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

GymnadeniaConopsea.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Gymnadenia
Art: G. conopsea
Vitskapleg namn
Gymnadenia conopsea
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: alkalisk jord
Utbreiing: Eurasia

Engbrudespore (Gymnadenia conopsea) eller berre brudespore er ei plantebrudesporeslekta Gymnadeniaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Engbrudespore er ei høgreist plante som kan blir opp mot 50 centimeter høg. Planta har eit aks med blomar som kan variere i farge frå rosaraud til kvit. Leppa er utan teikningar.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Brudespore var tidlegare delt inn i to underartar, nominatunderarten Gymnadenia conopsea ssp. conopsea, kalla engbrudespore, og underarten Gymnadenia conopsea ssp. densiflora, kalla praktbrudespore. I samband med raudlistevurderinga i 2021 blei dei to underartane vurderte til å være separate artar i brudesporeslekta.[2][3][4][5] Engbrudespore er den normerte nemninga for arten Gymnadenia conopsea,[1] men han blir ofte omtalt berre som brudespore. Praktbrudespore er namn på arten Gymnadenia densiflora, som står på raudlista som nær truga (NT).[6]

Det har òg vore diskutert om svartkurle (Nigritella nigra) skal inlemmast i brudesporeslekta, slik det er gjort i mange klassifiseringer, mellom anna i Sverige, men ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta Nigritella som ei eiga slekt.[2][5]

Suomen Lajitietokeskus (Finlands Artdatacenter) oppgir ein ny underart i Finland ved sidan av nominatunderarten (ssp. conopsea):[7][8]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Engbrudespore treng kalk i jorda, men kan elles vekse både i skog, på myr og i fjellet, og han er utbreidd over det meste av landet.[9] I raudlistevurderinga (2021) blir engbrudespore rekna som livskraftig (LC).[2]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «brudsporre»),[10] i Danmark («sjælden») (dansk namn: «langakset trådspore»)[11] og i Finland (VU) (finsk namn: «ahokirkiruoho»).[12]

Engbrudespore (engelsk namn: «common fragrant orchid») er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[13][14] på same måte som lokalt i England og Wales,[15][16] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[17]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Artsdatabanken: Artsopplysningar engbrudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Raudlista: Engbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre engbrudespore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  4. Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution. 293 (1-4): 213–226. ISSN 1615-6110. doi:10.1007/s00606-011-0439-x. 
  5. 5,0 5,1 Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution. 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018. 
  6. «Raudlista: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  7. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. alpina». LAJI.FI. Henta 1. mars 2022. 
  8. Tapani Kettunen og Pertti Uotila (2019). «Morphological variation and a new variety of Gymnadenia conopsea (Orchidaceae) in Finland». Memoranda Soc. Fauna Flora Fennica. 95: 89–99. ISSN 1796-9816. 
  9. «Artskart: Engbrudespore, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  10. «Artfakta: Gymnadenia conopsea brudsporre». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  11. «Naturbasen: Langakset Trådspore Gymnadenia conopsea ssp. conopsea». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  12. «LAJI: Gymnadenia conopsea subsp. conopsea». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  13. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  14. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  16. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  17. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]