Engel Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engel Astrup

Rabarbra av Nikolai Astrup (1911) viser Engel som plukkar rabarbra.[1]
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1892
Jølster kommune
Død

29. desember 1966 (74 år)

Ektefelle Nikolai Astrup

Engel Astrup (28. januar 189229. desember 1966), fødd Engel Sunde, var ein norsk kunsthandverkar gift med kunstnaren Nikolai Astrup.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Garden Sunde ligg ved Kjøsnesfjorden innanfor munningen der fylkesveg 5690 kryssar på bru. Kleivafjellet som Astrup måla frå Sunde er til venstre i bildet på motsett side av innsjøen.
Foto: Tore Sætre

Engel Sunde voks opp på garden Sunde i Jølster, og blei kjend med Astrup då han ville måla det bratte Kleivafjellet ved Kjøsnesfjorden. Han fekk lov til å stå i eit rom på Sunde på motsett side av vatnet, der var det god utsikt til fjellet. Astrup måla bildet «Rå novembermorgen på Sunde i Jølster» (seinare kjent som «Kollen»).[2][3]

I 1907 gifta Engel seg, før ho hadde fylt 16 år, med den tolv år eldre Nikolai Astrup.[3] Nikolai og Engel Astrup kjøpte ein husmannsplass på Sandalstrand (no Astruptunet) i 1912 og flytta dit i 1913. Engel Astrup sette sitt særpreg på kunstnarheimen. Ho samla på antikviteter og tekstilar og hadde ei stor samling historiske Jølster-åkle i ulike mønster. Etter kvart utvikla Engel Astrup seg også som tekstilkunstnar. Ho blei særleg kjend for stofftrykka sine, og spesielt for bunadsforklede i opptil tre-farga mønster. I 1939 stilte ho ut handtrykte dukar i Bergens Kunstforening, og blei også vald inn som varaformann i Jølster Husflidslag.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kvakkestad, Karin (1997). Min kunstbok. Teknisk forl. ISBN 8270190039. 
  2. Lande, Marit (1999). Nikolai Astrup. Bok og fag. ISBN 8291991014. 
  3. 3,0 3,1 Loge, Øystein (1986). Gartneren under regnbuen: hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup. Dreyer. ISBN 8209103571. 
  4. «..Engel Astrup under lupen | KODE...». www.kodebergen.no. KODE. Arkivert frå originalen 23. juni 2019. Henta 24. juni 2019. «– Vi vet at hun eksperimenterte med stofftrykk til forklær, men de eneste nedtegnede utstillingene vi har kommet over, er en husflidsutstilling i Jølster i 1910, der Engel vant førstepremie for sine broderier, og en utstilling i Bergens Kunstforening i 1939, sier Eidesen.» 
  5. Tove Kårstad Haugsbø, Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv. Avhandling for graden ph.d., universitetet i Bergen, 2015.