Engelbrektsopprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Engelbrektsopprøret er namnet på eit opprør i Sverige frå 1433 til 1436 med sentrum i Dalarna og Bergslagen i Sverige som spreidde seg over heile Svealand og Götaland. Opprøret fekk namnet sitt etter Engelbrekt Engelbrektsson. Opprøret førte til at Engelbrekt blei vald til rikshøvedsmann og at kong Erik av Pommern blei avsett, og inleidde oppløysinga av Kalmarunionen.

Opprøret byrja i 1433 etter misnøye med den lokale futen i Västerås, den danske Jens Eriksen «Jösse Eriksson». Erik av Pommern, som var konge av Sverige, Danmark og Norge under Kalmarunionen, hadde overført klagene til riksrådet. Rådet fann at klagene stemde, men fogden blei ikkje avsett. Opprøret varte til 1436 og blei formelt bilagt ved ein seremoni på Stora torget i Kalmar etter at kongen hadde gått med på å styre saman med riksrådet.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.