Engelsk bulldog
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Engelsk bulldog (FCI #149) er ein hunderase som også er kjend som britisk bulldog og bulldog.
«Bulldog» er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1568, men dette kan neppe takast til inntekt for denne hunderasen, men må snarare kallast ei fellenemning for fleire hundetyper på den tida. Likevel reknar ein med at prototypen oppstod omkring år 1600. Ein teori har vore at engelsk bulldog vart alet fram frå kryssingar mellom lokale mastiffer og mops, men dette er omdiskutert. Sistnemnde hunderase kom til Europa seint på 1500-talet. Bulldogtyper er kjent frå oksekampar på 1600-talet, men altså ikkje i den forma engelsk bulldog har i dag.
Ein veit at såkalt old english bulldog vart kryssa med mops på 1800-talet, då rasen kan seiast å ha fått sin endeleg utforming. Resultatet var ein kortare, breiare og meir kompakt hund med eit stort, rundt og breitt hovud med kort og særs kraftig snuteparti. Denne hunden var likevel dårleg eigna som kamphund, i det den mangla snøggleiken. Frå då av vart denne hunden meir å vurdera som ein familiehund, sjølv om den òg kan ha gode eigenskapar som vakthund.
Den første spesialklubben for bulldog vart danna i England i 1878. Den første rasestandarden stammar frå dette miljøet og kom i 1881.
Norsk Bulldog Klubb vart danna i 1919 og vert rekna som ein av Noregs eldste rasehundklubbar. Klubben representerer både engelsk bulldog og fransk bulldog.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Engelsk bulldog er eit massiv og særs kompakt bygd hund med stort hovud og lågt tilsett hale. Breitt tilsette skuldre og brei brystkasse. Øyra er breitt og høgt tilsette, små og hengjande. Auga er mørke, runde og relativt lågt og breitt tilsette. Idealvekta hos hannar er 25 kg, for tisper 23 kg. Skulderhøyden er typisk 39-41 cm. Pelsen er kort, slett og fin i strukturen. Utfargingen er rødlig i mange nyansar, herunder tigret og med kvite innslag.
Lynne og veremåte[endre | endre wikiteksten]
Engelsk bulldog vert rekna som ein energisk, modig og stolt hund, med gode eigenskapar for barnefamiliar. Den knyter gjerne sterke band til eigaren. Rasen treng mykje mosjon og ein tydeleg leiar, men kan godt tilpassast eit liv i byen. Pelsen bør stellast dagleg og hudfoldene må haldast under oppsikt for å unngå irritasjonar i huda, som elles lett kan føra til eksem.
Anna[endre | endre wikiteksten]
I seinare år har rasen vorte kritisert for å vera gjenstand for såkalt ekstremavl. Den vert blant anna stadig meir skrukka, og det er kjent at tispene som regel må føda sit avkom med Keisarsnitt Det siste vert skulda at hovuda til kvalpane er for store til at tispa kan føda på naturleg måte. Rasen er òg kraftig underbit, og det er kjent at den kan ha pustebesvær, spesielt ved overvekt. Rasen er dessutan svært kjenslevar for varme, noko som gøyr desse hundane spesielt utsette for overoppheting i sommarmånadene.
Halfdan Petterøe (1876–1939) valde å bruka ein engelsk bulldog, den såkalte «Petterøe's-bikkja», som ein del av sit varemerke, då han grunnla Petterøe Tobaksfabrik i 1905.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Engelsk bulldog» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2018.