Engerdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engerdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Engerdal
Areal 2 197 km²
 - land 1 921 km²
 - vatn 276 km²
Folketal 1 361  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Line Storsnes (Samlingslista)
Kommunenr. 3425
Kart
Engerdal kommune
61°52′0″ N 12°1′0″ E
Wikimedia Commons: Engerdal
Nettstad: www.engerdal.kommune.no
Kommunehuset i Engerdal
MS Fæmund II ved Elgå
Gutulisjøen
Sør for Elgå

Engerdal er ein kommune i Østerdalen i Innlandet fylke. I sør grensar han til Trysil kommune, i vest til Rendalen kommune, i nord til Os, Tolga og Røros kommunar og i aust til Sverige (Idre og Särna sokn i Dalarna og Tännäs sokn i Härjedalen)

Kommunen har ingen eigentlege tettstader, og busetjingsstrukturen er prega av store avstandar og spreidd busetnad. Dei største grendene er Engerdal, som er administrasjonssenter, og Drevsjø. Andre grender i kommunen er Engerdalssætra, Elvdal, Femundsundet, Hylleråsen, Heggeriset, Sømådalen og Elgå.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet er prega av primærnæringar (jordbruk, skogbruk og ferskvassfiske), men òg turisme har dei seinare åra fått større vekt. I Engerdal finst også Noregs sørlegaste samiske reindrift, og reinen kan ofte sjåast i den nørdre halva av kommunen.

Kommunens største, årlege hending er Engerdalsdagene. Arrangementet har blitt gjennomført første helga i august kvart år sidan 1985, og har hatt omtrent 15 000 vitjarar dei siste åra. I tillegg blir Sportsfiskefestivalen arrangert i Elvdal den første helga i juli kvart år.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innan kommunegrensene ligg største delen av innsjøen Femunden, heile Gutulia nasjonalpark og rundt halvparten av Femundsmarka nasjonalpark.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Engerdal har innlandsklima med relativt lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelege forskjellar mellom dag- og nattetemperaturen om sommaren. Kommune innehar kulderekorden for Hedmark fylke: På Drevsjø blei det målt −47,0 grader 10. januar 1987.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Engerdal sokn og kommune blei skipa først i 1911. Før det var området splitta på fleire av naboane.

Drevsjø kapell blei vigsla i 1848, og i 1870 blei det vedtatt at det skulle tilsettast ein hjelpeprest for «fjelldistriktene av Trysil, Rendalen og Røros prestegjeld». Samstundes blei det ved vedtatt å bygge Engerdal kapell (vigsla i 1873) i og Elgå kapell (vigsla i 1879).[2] På Nymoen blei Søre Elvdal kapell vigsla i 1885.

I 1910 blei det vedtatt at kapelldistrikta året etter skulle frådelast for å saman danna eit sokn og ein kommune med 1 184 innbyggjarar og namnet Engerdal. Dei aktuelle områda var:

  • Hylleråsen og Heggeriset krins av Trysil sokn og kommune (Hylleråsen, Heggeriset og Lillebo), 291 innbyggjarar.
  • Engerdalen og Elvdalen krins av Ytre Rendal sokn og kommune (Engerdal, Slettmoen, Engerdalssætra, Husfloen, Snerta og Elvsætra), 311 innbyggjarar.
  • Drevsjø krins av Øvre Rendal sokn og kommune (Femundsenden, Drevsjø, Kvilten, Risbakken, Gløtvola, Femundsundet, Galten, Sømå, Buvika), 381 innbyggjarar.
  • søre del av Øversjødalen og Sømådalen krins av Os sokn og Tolga kommune (Langsjøen og Gjota), 167 innbyggjarar.
  • Elgå krins av Røros sokn og Tolga kommune (Sorken, Sømå, Jonasvoll og Femundshytta), 34 innbyggjarar.

Storparten av området høyrde til Nord-Østerdal, unntatt Trysil-gardane som høyrde til Sør-Østerdal, men ved skipinga av Engerdal i 1911 blei det heilt og halde lagt til Nord-Østerdal. Engerdal sokn blei i 1922 overflytta til Sør-Østerdal prosti, men Engerdal kommune høyrer den dag i dag til Nord-Østerdal domssogn.

Kjende engerdøler[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Værviggo, arkivert frå originalen 6. desember 2008, henta 27. november 2013 
  2. Dis-Norge

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°45′27″N 11°57′30″E