England Dan & John Ford Coley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
England Dan & John Ford Coley
England Dan and John Ford Coley 1976.jpg
OpphavDallas, Texas i USA
Aktiv1970–1980
SjangerPoprock, softrock
Tilknytte artistarParker McGee, Seals and Crofts
PlateselskapA&M Records, Big Tree Records
Siste medlemmerEngland Dan
John Ford Coley

England Dan & John Ford Coley var ein amerikansk softrockduo som bestod av Danny Wayland «England Dan» Seals og John Edward «John Ford» Coley. Dei var aktive i 1970-åra. Duoen gav ut 11 album og ni singlar i karrieren sin og er mest kjend for singelen «I'd Really Love to See You Tonight» frå 1976 som nådde andreplassen på den amerikanske singellista og førsteplassen på Adult Contemporary-lista. Etter dei vart oppløyste fortsette Seals som Dan Seals og hadde ei countrykarriere i 1980-åra som gav han 11 countryhittar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Duoen byrja medan dei var vener og klassekameratar ved W. W. Samuell High School i Dallas i Texas. Seals og Coley spelte først i popgruppa Southwest F.O.B. («Free on Board»).

Seals var den yngre broren til Jim Seals som i 1970-åra spelte i softrockduoen Seals and Crofts. Kallenamnet til Dan i barndommen var «England Dan» fordi han var sotr fan av det engelske rockebandet The Beatles, og han snakka stundom med ein tilgjort engelsk aksent.[1]

Begge turnerte kring i Texas der dei hadde ein hit, «The Smell of Incense», som nådde 43. plassen på poplista i 1969. Bandet spelte delte plakat med artistar som Led Zeppelin. Medan dei var i bandet byrja Dan Seals og John Coley sitt eige akustiske band, Colley and Wayland. Dette fekk sidan namnet England Dan & John Ford Coley, og duoen fekk kontrakt med A&M Records. I 1971 flytta dei til Los Angeles der dei varma opp for mange forskjellige band. Gjennombrotet deira kom i 1972 med songen «Simone». Han vart ein hit i Japan og dei gjekk òg inn på lista i Frankrike, men ikkje i USA.

Duoen vart frigjeven frå kontrakten sin med A&M etter tre album. Duoen fortsette og kom over songen «I'd Really Love to See You Tonight», skriven av den unge Parker McGee. Dei gav ut ein demo og spelte han på kontoret til Bob Greenberg ved Atlantic Records. Atlantic hadde ein etikett kalla Big Tree og artistrepresentante for Big Tree, Doug Morris, høyrde songen gjennom veggen og kom inn i rommet. Då Greenberg ikkje ønskte songen, sa Morris at han ville ha songen og tilbaud duoen ein kontrakt.[2]

Duoen hadde seks singlar på topp 40 mellom 1976 og 1979. Av dei største hittane deira var «Love Is the Answer» (skriven av Todd Rundgren) (1979), «I'd Really Love to See You Tonight» (1976), «Nights Are Forever Without You» (ein annan McGee-song) (1976), «It's Sad to Belong» (1977) og «We'll Never Have to Say Goodbye Again» (1978).

Seinare[endre | endre wikiteksten]

Dan Seals vart ein suksessrik countrymusikar i 1980-åra med hittar som «Meet Me in Montana» (med Marie Osmond) og «Bop». John Ford Coley starta ein skodespelarkarriere på fjernsyn og film i 1980-åra og byrja å spele musikk att i 1990- og 2000-åra. Han var medprodusent for artistar som Eddie Money (med Vince Gill) og Tom Wurth.

Seals døydde den 25. mars 2009 etter å ha blitt benahdla for lymfom.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering RIAA Selskap
US CAN
1971 England Dan & John Ford Coley A&M
1972 Fables
1976 I Hear the Music
Nights Are Forever 17 11 Gold Big Tree
1977 Dowdy Ferry Road 80
1978 Some Things Don't Come Easy 61 73
1979 Dr. Heckle & Mr. Jive 106
The Best of England Dan and John Ford Coley 194
1980 Just Tell Me You Love Me (filmmusikk)
1981 The Best of England Dan and John Ford Coley Vol. 2
1996 The Very Best of England Dan and John Ford Coley Rhino

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering RIAA Album
US US AC CA CA AC AU
1972 "New Jersey" 103 Fables
"Simone"
1976 «I'd Really Love to See You Tonight» 2 1 5 1 25 Gold Nights Are Forever
"Nights are Forever Without You" 10 6 10 4 92
1977 «It's Sad to Belong» 21 1 9 1 90 Dowdy Ferry Road
"Gone Too Far" 23 8 15 11 71
1978 «We'll Never Have to Say Goodbye Again» 9 1 11 2 Some Things Don't Come Easy
"You Can't Dance" 49 22 62 34
"If the World Ran Out of Love Tonight" 41
"Westward Wind" 30 Nights Are Forever
1979 «Love Is the Answer» 10 1 33 18 79 Dr. Heckle & Mr. Jive
"What Can I Do with This Broken Heart" 50 12
1980 "In It For Love" 75 45 The Best of England Dan and John Ford Coley
1981 "Part of Me Part of You" 42 Just Tell Me You Love Me (soundspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. England Dan & John Ford Coley, Back to the «old school"
  2. Barry Alfonso, essay in the booklet for The Very Best of England Dan & John Ford Coley, Rhino Records, 1996, s. 5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]