Englar alheimsins
Regi | Friðrik Þór Friðriksson ![]() |
---|---|
Produsent(ar) | Friðrik Þór Friðriksson ![]() |
Manus | Einar Már Guðmundsson ![]() |
Medverkande | Baltasar Kormákur, Ingvar Eggert Sigurðsson, Hilmir Snær Guðnason, Björn Jörundur Friðbjörnsson ![]() |
Klipp | Sigvaldi J. Kárason, Skule Eriksen ![]() |
Musikk | Hilmar Örn Hilmarsson ![]() |
Sjeffotograf | Harald Paalgard ![]() |
Utgjevingsdato | 2000 |
Lengd | 102 minutt ![]() |
Opphavsland | Island, Tyskland, Sverige, Noreg ![]() |
Språk | islandsk |
Englar alheimsins (tittel på kinoar i Noreg: Universets engler) er ein islandsk film frå 2000 regissert av Friðrik Þór Friðriksson.
Handling[endre | endre wikiteksten]
Hovudpersonen er den unge mannen Páll, som bor heime med foreldra sine. Hovudpersonen opplever omveltingar i livet sitt som fører han inn i ein nedstigande spiral. Dette ender med innlegging på mentalsjukehus. Vidare ser vi korleis han prøver å koma tilbake til den verklege verda igjen.
Produksjon[endre | endre wikiteksten]
Manus[endre | endre wikiteksten]
Filmen er basert på boka Englar alheimsins av Einar Már Guðmundsson. Da boka kom i 1995 fekk ho Nordisk råds litteraturpris. Figurane i boka og dermed au filmen er basert på verklege personar.
Musikk[endre | endre wikiteksten]
Hilmar Örn Hilmarsson har vore filmkomponist på ei rekke av produksjonane til Friðriksson og står hovudsakleg for musikken bak Englar alheimsins.Det berømte islandske bandet Sigur Rós står for to av spora. I tillegg finn ein fleire stader i løpet av filmen diverse amerikansk rockemusikk. Denne blandinga av spesialkomponert filmmusikk og populærmusikk er typisk for filmane til Friðrik Þór Friðrikssons.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Englar alheimsins ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Englar alheimsins hjå Filmweb