Hopp til innhald

Englehatten og andre forteljingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Englehatten og andre forteljingar

Forfattar(ar)Halvor Floden
Språknynorsk
Sjangerbarnebok
Utgjeven1919
ForlagOlaf Norlis Forlag

Englehatten og andre forteljingar er ei barnebok frå 1919 av Halvor Floden.[1] Det er ei novellesamling med fire noveller. Da boka kom i ny utgåve i 1930 var det lagt til ei ny, femte novelle.[2]

Boka var den einaste barneboka på nynorsk dette året.[3] Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes,[4] og budde på småbruket Svea (Schulstadsvea) som han hadde kjøpt i 1916.[5] Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 4 barn, fødd 1907–1915.[6]

Novellene i boka er «Englehatten», «Då eg var kunstnar», «Fatig» og «Maurkongen». Den femte novella, som vart lagt til i 1930, er «Medalja». To av novellene hadde tidlegare vore trykte i Juletre, juleheftet til Norsk Barneblad; «Fatig» og «Maurkongen».[7][8][9] Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd.[10]

Tema for novellene er mellom anna barnetru, fattigdom, uvennskap og å ta æra for noko ein annan har gjort.[11] I «Maurkongen» blir mauren ein metafor for styrke.[12] Novella handlar om uvennskap og revirhevding mellom to gutar som til slutt klarer å samarbeide.[12] Dei to første novellene («Englehatten» og «Då eg var kunstnar») er sjølvbiografiske minne; den første om mora og om barnetru, den andre om marerittaktige fantasiar som oppstår etter ei dokketeaterframsyning.[13][14]

Fleire bokmeldarar peiker på at Floden viser god innsikt i barns tankegang og psykologi.[15][16][17] Arne Garborg er inne på det same i eit brev til Floden i 1920: «desse smaagutsogene, serleg dei tri fyrste, høyrer til det beste eg har lese, so friske, livfulle, psykologisk sanne er dei ...»[11]

Novella «Englehatten» blei i 1957 tatt med i 6. bindet av Thorbjørn Egners lesebøker, i forkorta form og med tittelen «Halvor og englehatten».[18]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Floden, Halvor (1919). Englehatten og andre forteljingar. Kristiania: Norli.
  2. Floden, Halvor (1930). Englehatten og andre forteljingar. Oslo: Norli.
  3. «Syn og segn». Oslo. 1919. s. 432.
  4. «Norsk skoletidende». Hamar. 1916. s. 836.
  5. Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link)
  6. Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
  7. Guri Velure (1984). «Bibliografi». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 80-102.
  8. «Norsk barneblad». Oslo. 1919. s. 322.
  9. «Maurkongen». Norsk barneblad. 1916. s. 413-416.
  10. Tordia Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
  11. 1 2 Ljødal, Gunner (2020). Halvor Floden : skolelærer og forfatter. Balder forlag. s. 36, 259. ISBN 9788293247296.
  12. 1 2 Goga, Nina (2013). Gå til mauren : om maur og danning i barnelitteraturen. Kristiansand: Portal. ISBN 9788292712993.
  13. Sigrun Okkenhaug (1919). «Halvor Floden». Nordenfjeldsk Tidende 1919.12.19. s. 2.
  14. Dag Hareide (1984). «Livssynet til Halvor Floden». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 62-80.
  15. «Literatur». Morgenavisen. Bergen. 1919-12-16. s. 3.
  16. «Literatur». Morgenposten 1919.12.19. Oslo. 1919. s. 8.
  17. «For folkeoplysning : tidsskrift for boksamlinger og folkeakademier». Oslo. 1920. s. 160.
  18. Egner, Thorbjørn (1957). Thorbjørn Egners lesebøker. 6 : Det var en gang : for annen halvdel av fjerde skoleår. Oslo: Cappelen. s. 161-167.