Engstligenfossane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Engstligenfalla)
Engstligenfalla
foss
Den nedre kaskaden i Engstligenfalla
Land  Sveits
Kommune Adelboden
Fossetype Segmentert hestehale
Elv Engstligenbach
Høgd over havet 2000 moh
Totalt fall 370 m
 - Lengste fall 229 m
 - Midla breidd 30 m
Middelvassføring /s
Tal på fall 4
Kart
Engstligenfalla
46°26′56″N 7°33′43″E / 46.448888888889°N 7.5619444444444°E / 46.448888888889; 7.5619444444444
Wikimedia Commons: Engstligen falls

Engstligenfalla nær Adelboden i Berner Oberland er den nest høgaste fossen i Sveits.

Engstligenfalla har ei av dei høgaste vassføringane av fossane i Alpane og er ein attraksjon i Adelboden.

Fleire fjellelvar i Engstligenalp, eit platå kring 2 000 moh, møter kvarandre nær nordenden av platået, og fell i fire fall over klippene i eit samla fall 370 meter ned i Engstligendalen[1] der dei offisielt vert rekna som starten på elva Engstlige. Det høgaste fallet er på 229 meter.

Den øvre delen av fossen er delvis synleg frå Engstligenalp-kabelvogna.

Om vinteren frys Engstligenfalla til og vert nytta til isklatring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Engstligenfalla, Enstligen Alp, Wildstrubel». MySveits.com. Switzerland Tourism. Henta 9. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Engstligenfossane