Enguresjøen

Koordinatar: 57°44′N 25°14′E / 57.733°N 25.233°E / 57.733; 25.233
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enguresjøen
innsjø
Land  Latvia
Utløp Mersragakanalen
Nedslagsfelt 644 km²
Høgd over havet 3.2 moh.
Lengd 17,9 km
Breidd 4,4 km
Areal 40,46 km²
Middeldjupn 0,4 m
Største djupn 2,1 m
Volum 0,0168 km³
Koordinatar 57°44′N 25°14′E / 57.733°N 25.233°E / 57.733; 25.233
Øyar 9 (størst: Liela sala, Apalrova, Kazrova)
Byar Mersrags
Kart
Enguresjøen
57°16′00″N 23°06′00″E / 57.266666666667°N 23.1°E / 57.266666666667; 23.1
Wikimedia Commons: Engures ezers

Enguresjøen er ein innsjø i Latvia. Han ligg vest i landet i Talsi fylke og er den tredje største i Latvia etter Lubāns og Rāzna.

Enguresjøen var tidlegare ein lagune og er berre skild frå sjøen av ein 1,5 til 2,5 km brei sandbanke. Utsiget er den kunstige Mersragakanelen som vart grave ut i 1842. Innsjøen er eutrofisk og er stort sett overgrodd av siv. Han inneheld 16 fiskeartar.

Heile innsjøen og området rundt har vore ein del av Enguresjøen naturpark sidan 1999, men det første naturreservatet vart oppretta her i 1957. I innsjøen ligg det ei flytebrygge som ornitologar nyttar. Innsjøen vart ein del av Ramsarkonvensjonen si liste i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]