Engvald Bakkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engvald Bakkan
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1897
i Åmli
Død

3. juli 1982 (84 år)

Yrke skribent, barnebokforfattar
Periode 1930-1976
Debut Svarteper og dei andre

Engvald Bakkan (fødd Salvesen20. august 18973. juli 1982) var ein norsk forfattar fødd i Åmli i Aust-Agder. Han gav ut romanar og noveller med motiv og handling frå Åmli i eldre tid, mellom andre trilogien Krossen er din. Han fekk Gyldendals legat i 1953.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1930 – Svarteper og dei andre – Barnebok
  • 1931 – Den kvelvde skåla – Roman
  • 1939 – Men han var Aleksander – Roman
  • 1942 – Bjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr – Barnebok
  • 1944 – Hos farfar og farmor – Barnebok
  • 1947 – Krossen er din 1: Rakel og kvervelvinden – Roman
  • 1948 – Krossen er din 2: Gjenom fossane – Roman
  • 1952 – Krossen er din 3: Regnbogen i toreskya – Roman
  • 1953 – Det blinde hjarta – Noveller
  • 1972 – Noveller i utval
  • 1976 – Ei kvern som mel – Noveller

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]