Ennerdale Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ennerdale Water
innsjø
Ennerdale Water.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Innsjøtype naturleg innsjø, reservoar
Tilsig River Liza
Utløp River Ehen
Høgd over havet 113 moh
Lengd 4,17 km
Breidd 1,28 km
Areal km²
Største djupn 45 m
Kystlengd1 10 km
Koordinatar 54°31′12″N 3°22′34″WKoordinatar: 54°31′12″N 3°22′34″W
Øyar 4
Wikimedia Commons: Ennerdale Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Kart over Ennerdale Water frå 1948

Ennerdale Water er den vestlegaste innsjøen i Lake District nasjonalpark i Cumbria, nord i England. Han er ein bresjø og den største djupna er 45 meter. Han er mellom 700 og 1500 meter brei og 3,9 km lang. Han ligg nær hamnebyen Whitehaven, byen Cleator Moor og landsbyen Cleator. Innsjøen er eigd av United Utilities og er både eit reservoar og ein Site of Special Scientific Interest på grunn av habitata langs breidda.

Ennerdale Water vert nytta som turiområde, men ikkje i like stor grad som andre innsjøar i Lake District. Den vesle landsbyen Ennerdale Bridge ligg på vestsida av innsjøen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen ligg i dalen Ennerdale og er omgjeve av fjell, mellom anna nokre av dei høgaste i heile Cumbria, som Great Gable (899 moh), Green Gable, Brandreth, High Crag, Steeple og Pillar.

Vassnivået i innsjøen vert kontrollert av ein overløpskant.

Ennerdale Water får vatn frå River Liza og andre elvar, og renn ut via elva Ehen, som munnar ut i Irskesjøen.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Dalen Ennerdale er kalla opp etter elva Ehen, som renn ut av dalen. Innsjøen i Ennerdale har fleire stader og på gamle kart hatt andre namn, som Brodewater (1576), Brodwater (1695), Broad Water (1760), Ennerdale Water (1784) og til slutt Ennerdale Lake i Otley si guidebok frå (1823).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]