Enoch Thulin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enoch Thulin
Enoch Thulin 1915.jpg
Fødd15. september 1881
Død14. mai 1919
NasjonalitetSverige
Yrkeingeniør
Alma materLunds universitet
MedlemKungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund
Kungliga Krigsvetenskapsakademien
Thulin A25 1925

Enoch Leonard Thulin (15. september 188114. mai 1919) er først og fremst kjent som svensk flypioner, men han var òg kjend for bygging av fly, bilar, lastebilar og bilmotorar.

Enoch vart fødd i Simris sokn, sør i Sverige. Han studerte flyteknikk 1908–1912 og lukkast med flyeksperimenta sine i 1912. Han skreiv ei avhandling om aerodynamikk og fekk ein Ph.D-grad frå universitetet i Lund i 1912. Thulin budde i Landskrona. Han grunnla AB Thulinverken i 1914 for å kunna starta med å byggja fly. Selskapet er i dag kjent som Haldex og produserer blant anna pneumatiske bremsesystem for tog og lastebilar. Thulin starta òg med bygging av personbilar som han heldt på med fram til 1928. Han starta det som seinare vart kjent som Svenska Stridsflygskolan F5 i Ljungbyhed, sør i Sverige. I 1918 føreslo han for borgarmeisteren i Stockholm at han skulle undersøkja høva for ein lokal flyplass, og sjølv om reaksjonane var positive, vart ideen utsett fram til 1936 då Bromma lufthamn vart bygd.

Thulin omkom mens han prøveflaug eit nytt fly den 14. mai 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur