Enrico Fermi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enrico Fermi

Fødd29. september 1901
Roma
Død28. november 1954
Chicago
NasjonalitetKongedømet Italia, Italia, USA
Områdekjernefysikk, kvantemekanikk, statistisk mekanikk
Yrkefysikar, teoretisk fysikar, kjernefysiker, universitetslærar, oppfinnar
InstitusjonarUniversitetet i Firenze
La Sapienza
Columbia University
University of Chicago
Universitetet i Göttingen
Universitetet i Leiden
Enrico Fermi Institute
Alma materUniversitetet i Pisa
Scuola Normale Superiore. Classe di Scienze
Universitetet i Leiden
Universitetet i Göttingen
DoktorgradsrettleiarLuigi Puccianti
EktefelleLaura Fermi
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale dei Lincei
Det sovjetiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Enrico Fermi (29. september 190128. november 1954) var ein italiensk fysikar. Han er mest kjend for å ha vore ein av leiarane ved utarbeidinga av den første kjernefysiske reaktoren og for arbeidet han gjorde innan kvantefysikk, kjerne- og partikkelfysikk og statistisk mekanikk. Fermi fekk Nobelprisen i fysikk i 1938. Grunnstoffet fermium er kalla opp etter han. Prisen Enrico Fermi Award vert gjeven ut i Sambandsstatane til vitskapsfolk som har gjort viktig arbeid innan utvikling, bruk og produksjon av energi.

Oppvekst, utdanning og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Enrico Fermi vart fødd i Roma i 1901. Faren, Alberto Fermi, var jarnbanedirektør og mora, Ida de Gattis, var barneskulelærar. Fermi utmerka seg tidleg på skulen ved at han hadde store evner innan matematikk. Ein ven av faren, Adolfo Amidei, lærte han mykje om matematikk og fysikk, og fekk han til å søkja på Scuola Normale Superior, som var ein skule for svært evnerike elevar i Pisa. Der byrja han i 1918. Etter ei stund var han så flink i fysikk at han underviste læraren i Einstein sin relativitetsteori. I juli 1922 tok Fermi doktorgrad i fysikk med ei avhandling om forsøk med røntgenstråler.

Fermi underviste i matematikk ved universitetet i Firenze i 1924-1926. I denne perioden utvida han Paulis prinsipp om utelukking til også å gjelda ideelle gassar.

Professorat og nobelpris[endre | endre wikiteksten]

Fermi vart i 1926 utnemnd til professor i teoretisk fysikk ved universitetet i Roma.

I 1928 gifta han seg med Laura Capon, som han fekk to ungar med.

I 1933 forklarte Fermi radioaktiv betastråling, der eit nøytron vert omdanna til eit proton samstundes som det vert danna eit elektron og eit nøytrino. Ved å bombardera ein urankjerne med nøytron oppdaga han over 43 nye kunstige radioaktive isotopar. Lise Meitner, Otto Hahn og Fritz Strassman gjentok desse forsøka og stadfesta dei. Meitner forklarte seinare dette som ei spalting av urankjernen, der resultatet vart ein bariumkjerne, ein kryptonkjerne, nokre mindre partiklar og store mengder frigjort energi.

For arbeidet med betastråling og omdanning av kjernepartiklar, og for oppdaginga av kjernereaksjonar som vart sette i gang av trege nøytron, fekk han nobelprisen i fysikk i 1938. Etter prisutdelinga busette familien Fermi seg i Sambandsstatane fordi Laura var av jødisk opphav og dei ikkje ville reisa attende til det dåverande fascistregimet i Italia.

Manhattanprosjektet[endre | endre wikiteksten]

I desember 1942, i eit prosjekt ved universitetet i Chicago, bygde Fermi saman med Leó Szilárd verdas første kjernefysiske reaktor. Reaktoren var særs viktig i utviklinga av kjernefysiske våpen, då ein her fekk den første kjedereaksjonen av fisjonar. Og det var Fermi som bidrog med det vitskaplege grunnlaget som skulle til for å få dette til.

Prosjektgruppa til Fermi vart innlemma i Manhattanprosjektet, som hadde som mål å utvikla kjernefysiske våpen for bruk i andre verdskrigen. Fermi var også seinare sentral i prosjektet, då han hadde ein unik innsikt i teorien som låg bak ein kjernereaksjon.

Fermi fekk i 1944 statsborgarskap i Sambandsstatane, der han vart buande resten av livet.

Etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I 1946 fekk Fermi eit professorat i kjernefysikk ved universitetet i Chicago. Han heldt fram med å studera eigenskapane til kjernepartiklar, med særleg vekt på meson.

Enrico Fermi døydde av kreft i 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]