Entomologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Entomolog)
Ei typisk barberfelle (gravfelle) til å fanga krypande insekt i.

Entomologi (frå gresk εντομο - det som er delt i bitar / segmentert) er vitskapen som studerer insekt. Mange entomologar driv òg med andre virvellause landdyr, særleg leddyr som edderkoppar og tusenbein.

Det finst godt over ein million beskrivne artar insekt, og dei finst i så godt som alle økosystema på landjorda og i ferskvatn. Dei spelar ei særs viktig rolle, både som bytteorganismar, predatorar på mindre dyr og pollenvektorar for blomsterplantar, i tillegg til å vera alvorlege skadedyr både gjennom å vera berarar av sjukdom og gjennom å øydeleggje om lag 1/3 av alle avlingar i verda årleg. Entomologien er difor ei viktig grein av zoologien.

Entomologi i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Norsk entomologisk forening

I Noreg var entomologi lenge berre ein hobby for prestar og forstmenn. Systematiske kartleggingar av norsk insektsfauna kom ikkje i gang før Norsk entomologisk forening vart stifta i 1904. Denne organisasjonen er framleis viktig i arbeidet med registrering av funn og vurdering av bestandar, og har mellom anna hjelpt til med utarbeidinga av Norsk raudliste. Foreininga er open både for fagfolk og amatør-insektsamlarar.

Kjende entomologar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]