Hopp til innhald

Entre Ríos-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Entre Ríos-provinsen
provins
Flagg
Symbol
Land  Argentina
Del av South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad Paraná
Areal 78 781 km²
Folketal 1 425 578 (2022)[1]
Kart
Entre Ríos-provinsen
32°06′S 59°18′W / 32.1°S 59.3°W / -32.1; -59.3
Wikimedia Commons: Entre Ríos Province

Entre Ríos (spansk uttale [ˈentɾe ˈri.os]) er ein provins i nordaustlege Argentina. Provinsnamnet kan omsetjast til «mellom elvar». Han ligg mellom elva Paraná som er grense til provinsane Santa Fe og Buenos Aires i vest og sørvest, og elva Uruguay som er grense til Uruguay i aust. I nord grensar han til provinsen Corrientes.

Som ein del av den argentinske Mesopotamia-regionen er provinsen nesten heilt flat, med åsar som når nokre få hundre meters høgd. Det finst to låge åskammar, kalla Lomadas eller Cuchillas: Cuchilla de Montiel i vest og Cuchilla Grande i aust. Desse skilst av elva Gualeguay.

Entre Ríos-provinsen er omgitt og gjennomskoren av mange elvar. I vest og sør dannar elva Paraná grensa, i aust elvane Uruguay og Mocoretá, og i nord Guayquiraró.

Langs Uruguay-bassenget finst det ei rekkje varme kjelder, mellom anna i Federación, Villa Elisa og Colón.

Innanfor grensene i provinsen er det oppretta to nasjonalparkar: El Palmar nasjonalpark og Diamante nasjonalpark.

I provinsen Entre Ríos er klimaet subtropisk utan tørkeperiode i nord, medan den sørlege delen har eit mildare pampasklima. Provinsen blir påverka av vindar frå Atlanterhavet, og har i tillegg lokale vindar som Pampero, Sudestada og vind frå nord. Den gjennomsnittlege årsnedbøren er 900 millimeter. Gjennomsnittstemperaturen om sommaren (november til mars) er 20 grader Celsius. Om vinteren søkk temperaturen til mellom 10 og 13 grader Celsius.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden er konsentrert langs elvane Paraná og Uruguay. Ved Paraná ligg provinshovudstaden Paraná, den største byen i provinsen med ca. 392 000 innbyggjarar. På same elvebreidd ligg dei mindre byane Gualeguay, Victoria (ved Paraná-sideelvar) og La Paz, med mellom 40 000 og 75 000 innbyggjarar kvar. Ved Río Uruguay ligg den industrielt viktige byen Concordia 200 000 innbyggjarar og karnevals- og turistsenteret Gualeguaychú med 126 000 innbyggjarar, og dessutan mindre byar som Concepción del Uruguay 116 000 innbyggjarar og Colón 75 000 innbyggjarar. Alle folketal etter folketeljinga i 2022.[2]

Entre Ríos er kjent for karnevalet i Gualeguaychú, som minner litt om karnevalet i Rio de Janeiro.

Dei første innbyggjarane i det som no er Entre Ríos, var charrúa- og chanáfolket. Spanjolane kom i 1520 då Rodríguez Serrano, på leiting etter Stillehavet, reiste oppover Uruguayelva.

Den første permanente spanske busetjinga vart etablert på slutten av 1500-talet i dagens La Paz-departement. Som guvernør, først i Asunción og deretter i Buenos Aires, leidde Hernandarias ekspedisjonar inn i ikkje-utforska områda i Entre Ríos. Etter å ha grunnlagt Santa Fe utforska Juan de Garay dette området, som han kalla la otra banda, «den andre breidda».

Mellom 1810 og 1820 gjekk konfliktane føre seg om Argentinas sjølvstende. Den 29. september 1820 erklærte leiaren Francisco Ramírez området som den autonome republikken Entre Ríos. Denne eksisterte fram til hans død 10. juli året etter. I 1853 vart Paraná utnemnt som hovudstad for den argentinske konføderasjonen i ei forsamling av alle provinsar, bortsett frå Buenos Aires, og guvernøren i provinsen og leiar Justo José de Urquiza vart vald til den første presidenten.

Sjølv om mange etterkommarar av guaranífolket framleis lever i Entre Ríos, vart provinsen i stor grad forma av europeiske innvandrarar som etablerte jordbrukskoloniar på 1800-talet. Blant desse var mange tyske innvandrarar frå Volga-området, volgatyskarar, særleg rundt Gualeguaychú og i fleire landsbyar sør for provinshovudstaden Paraná, og dessutan belgiarar, til dømes i Villaguay.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Entre Ríos-provinsen