Envisat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ENVISAT er ein europeisk avansert jordobservasjonssatellitt kontrollert av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Satellitten vart send opp med ein Ariane 5 rakett i mars 2002 i polar solsynkron bane. Oppgåvene til ENVISAT spenner vidt, frå overvaking av vind, bylgjenivå og fargen på havet til måling av ozon og andre gassar i atmosfæren rundt jorda til kartlegging av naturresursar på land og målingar av is både på land og i polområda.

ENVISAT går i solsynkron polar bane, det vil seie at at satellitten passerer over eit punkt på jorda til same lokale tid heile året. Satellitten går i bane 800 km over jordoverflata, og omløpstida er 101 minutt med 35 dagars kretsløpssyklus. Det vil seie at satellitten passerer det same punktet på jordet med 35 dagars interval. Bana har ein inklinasjon på 98 grader, planlagt operasjonstid er 5 år.

ENVISAT har med seg ti ulike instrument som kvar for seg, eller i kombinasjon kan gjere målingar av jordatmosfæren, havet og landjorda. ESA mista kontakt med satellitten den 8. april 2012. Ein månad seinare annonserte ESA formelt at Envisat var død.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ESA declares end of mission for Envisat». ESA. 9 May 2012. 
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.